Det er fyrst og fremst jordvern og konflikt med nasjonale kulturminneinteresser som gjer at dei to embeta reagerer.

«Kommunedelplanen legg opp til eit betydeleg forbruk av dyrka jord gjennom å leggje ut dyrka mark til andre arealformål. Fylkesmannen meiner at dette ikkje er i tråd med nasjonal jordvernstrategi, og har motsegn til at delar av prestegardsjordet vert lagt ut til parkering, bussterminal og utviding av kyrkjegarden. Fylkesmannen meiner at det er mogleg å finne andre løysningar enn å gå på dyrka jorda».

Fylkesmannen meiner ein må sjå på område vest for riksveg 15, ved Loar, eller vest for Koopen. Dette forslaget vurderer ikkje kommunen å vera tenleg, men vel å utvikle parkeringsarealet på kyrkjevollen, der det er i dag.

– Nødvendig omorganisering, sambruk og skilting av eksisterande parkeringsplassar kan gjennomførast utan endringar i kommunedelplanen, heiter det i saksutgreiinga som formannskapet skal ta stilling til tysdag.

Oppland fylkeskommune byggjer si motsegn på ei uttale frå Riksantikvaren.

«Riksantikvaren meiner at parkeringsarealet og busstasjonen og utvidinga av kyrkjegarden som er planlagd vest for kyrkjestaden vil vere utilbørleg skjemmande for kyrkjestaden, og i strid med dei nasjonale kulturminneinteressene som er knytt til Lom stavkyrkje med kyrkjegard».

Kommunen legg difor opp til eit nytt alternativ for fleire gravplassar: Ein trekant aust for kyrkja, mot vegen som fører bakom kyrkja.

I innstillinga til vedtak heiter det at om kommunen vel å gå vidare med planane om tiltak vest for kyrkja, vil saka truleg hamne i departementet, det vil gå lang tid før ei avgjerd og ein ikkje er ikkje sikker på om kommunen får gjennomslag for synet sitt.

Til saman har det kome 12 uttaler i denne høyringa, seks av dei med motsegner.

Slik er utvidinga i aust tenkt. Foto: Lom kommune