Tilsette i dei to verksemdene har brukt tid, krefter og friviljug innsats for å få på plass eit stort juletre, det vil seia ein stolpe, litt nedanfor og til høgre for Norkringmasta langs med Aursjovegen, på eigedomen til Magnhild Åndheim. Stolpen er nå pynta med ljos – og «juletreet» skal tennast sundag 3. desember presis klokka 17.00.

– Vi håpar det blir godt synleg og fint å sjå. Vi er spente sjølve òg, seier Stig Banken i Skjåk Energi.

Han fortel at dei tilsette i Skjåk Energi har prata om «å få til noko», som han seier – i matpausene det siste halvåret. Da dei fekk ja frå grunneigar, sette dei i gang.

– Vi håpar skjåkværane følgjer med sundag klokka 17.00, seier Banken.