Ordførarar og adm.sjefar/rådmenn i vår region hadde «stevnemøte» på Otta fredag 25. dm. for å dele og fordele depressive tankar om kommuneøkonomi, manglande kommuesamanslåing og interkommunalt samarbeidsuføre, slik eg tolkar ein elles fyldig omtale i GD dagen etter «stusslestugumøtet». Eg evnar ikkje å få med meg eit einaste framtidsretta innlegg om korleis all denne overordna folkevalde og administrative kompetansen, vil ta fram nye verkty for å gje innbyggjarane våre positive tankar og idear om korleis utkantkommunane kan lyftast opp frå hengemyra. Er verktøykassa med verkty for å bygge framtidstrua gått tom? Vedtekne planar i kommunane våre om folketalsvekst og næringsvekst, er meint å peike oppover – men resultata frå statistikkmakarane gjev oss eit svar som går i motsett lei – nedover.

Ei dagssamling av denne høgt gasjerte kompetansa kunne vel vore brukt til å gje oss vanlege, som framleis klorar oss fast rundt i grendene i randsonene til desse flotte nasjonalparkane våre, litt påfyll av optimisme og framtidstru.

Eg er overtydd om at det vert planlagt nye møter i denne sjøloppnemnde - ikkje lovpålagde eller folkevalde - kompetanseklubben. Budsjettarbeidet, som vert leia av dei same aktørane, skal snart munne ut i folkevalde vedtak om naudsynte og fornuftige prioriteringar til tenestemottakarane, har her ein restpott med kommunal økonomi, som heller kan brukast til tilbod for barn, unge og eldre. Byråkratiet i alle desse «6-kommunerstreffa» som vert etablerte i kjølevatnet av etablerte tenlege, interkommunale, sektorvise samarbeidstiltak, har bygd seg opp til eit volum som truleg overtstig behovet. Etablerte og nye naudsynte samarbeidstiltak mellom to eller fleire kommunar bør med fordel avbyråkratiserast. La innsatsen gå meir direkte til innbyggjarane sitt beste – utan alt dette kostbare og unødvendige politiker-/byråkratvelde. Samarbeidsordningar har mindre sentraliseringskraft enn kommunesamanslåingar.

Det er likevel grunn til å tru at dei som ynsker nye møte, leitar nok fram dei naudsynte skattekronene som skal til.

Kan vi da få nye tema på dagsordenen, som kan peike mot framtida og gje meir leseverdige referat servert i GD dagen derpå.

Eg tillet med å setja opp nokre punkt, som framlegg til nye saker – til frustrasjon eller aksept, herr Regionrådsleiar!

1. Korleis møte folketals- og næringsvekstutviklinga for NG med positive tiltak, sett i både stutt- og langiktig perspektiv, jf. Telemarkforskning sin rapport (innleiing v/regionrådsleiaren)

2. Plan for utbygging – og utvikling (innanfor omgrepet det GRØNE SKIFTET) av randsonene til Nasjonalparkane i regionen, med tanke på styrking og utvikling av friluftsliv og reiseliv til heilårsnæring. Verna område er i det store og heile staten sitt domene. Randsonene ligg under Plan- og bygningslova og er kommunane sitt domene som kan brukast meir målretta (ekstern innleiar frå Miljødep.)

3. Korleis kan Innovasjon Norge og BU sine økonomiske verkemidlar, med fokus på reiseliv og primærnæring, betre tilpassast å gje prioritet til utbygging av næringsliv i utkantkommunar (kommunar med vedvarande folketalsnedgang) (innleiar frå Næringsdep./Landbr.dep.)

4. Korleis prioritere utbygging av samferdselstiltak (breiband, luftfart, jernbane og veg) til å vera premissleverandørar for å lukkast med tiltak under pkt. 1, 2 og 3 (jf. ovanfor).

5. Desentralisering av aktivitetar, arbeidsplassar og tenester, slik at tidlegare kjende «flosklar» som «By og land hand i hand» endeleg kan bli synlege og realiserbare! (Innleiar: Sp-leiar, valvinnar og desentraliseringsaktivist Trygve Slagsvold Wedum, med support frå regionen sine Sp - ordførarar)

6. Alliansebygging mellom 149 utkantkommunar (jf. defininsjon SSB) fram mot neste lokalval om snautt 2 år. (innleiar Kato Nykvist, Nationen)

Møta, utgiftsfrie utan bruk av kommunale skattepengar; sponsorar: GD, Sparebank 1 Gruppen, Gjensidige Forsikring

Lykke til!

Jarmund Øyen