Rita Irene Brekkum har etablert verksemda «Helse til fjells», er snart ferdig utdanna ernæringsterapeut og ynskjer å spesialisere seg på kroniske sjukdomar og kosthald. Opplegget går på samtaleterapi kombinert med rett kosthald i høve kva sjukdomar den enkelte har.

– Feil kosthald, at folk ikkje får i seg det dei treng av næring, kan resultere i så mykje, både fysiske og psykiske plagar og sjukdomar, seier Rita, som vil drive praksisen sin frå farsgarden i Bråtå.

Ho er innstilt på å vera mobil, i alle fall i starten. Dersom folk kvir seg for å koma til henne, kan ho gjerne ta turen, seier ho. Koma på heimebesøk.

53 år gamle Rita Irene Brekkum er eigentleg økonomisk utdanna, men interessa for kosthald har ho hatt heile livet. Da ho i 2013 fekk kreft i tjukktarmen, tok ho maten og kosthaldet skikkeleg på alvor.

– Vegen derifrå vart ny. Eg la om kosthaldet, tenkte vitamin, opptak av vitamin, eg tenkte heilt nytt – og vart i enda større grad engasjert i kosthald og ernæring. Eg tok grunnmedisin, studerte til kosthaldsrettleiar og nå ernæringsterapi. Dette er noko eg brenn for og ynskjer å halde på med, ikkje minst for å hjelpe andre. Det siste er den største drivkrafta, fortel Rita, og fortel at «Helse til fjells» kan tilby endring av kosthald i samband med fleire livsstilssjukdomar, som til dømes MS, diabetes, høgt eller lågt stoffskifte.

– Eller dei som har intoleransar, problem med mage eller tarm, dårleg energi eller andre plagar. Ta ein telefon, så tek vi ein prat, oppmodar ho.

Skjåk kommune er begeistra for planane til Rita Irene Brekkum. Nyleg vedtok miljø- og næringsutvalet å løyve 100.000 kroner frå næringsfondet. I saksutgreiinga kjem det fram at både kosthalds- og livsstilsrettleiing er kjende behandlingarformar – med andre ord inga «hokus-pokus»-behandling.

– Eg må seia eg fekk positivt sjokk av vedtaket frå Skjåk kommune. Eg vart enormt glad for å få tilskotet, glad for at dei trur på det eg driv med og arbeider for å få til, seier Rita.

– Somme vil truleg seia at det ikkje er så nøye kva vi har i oss av mat og drikke. Kva seier du om det?

– Da vil eg gjerne fortelja om Stein Heggebotten frå Skjåk, for det har han bede meg om å gjera. Eg har hatt Stein til behandling over lang tid. Han har ei ukomplett ryggmargsskade, noko som resulterte i både fysiske og psykiske lidingar. Stein gjekk på ei mengd tablettar og hadde store plager. Men i dag? I dag er Stein hundre prosent medisinfri. Det som har fungert på Stein, er ein kombinasjon av samtaler, rett og reint kosthald og tilføring av vitamin og ulike kosthaldstilskot. Det høyrest kanskje litt eventyrleg ut, men for meg er det ikkje det. Kva vi har i oss, kva kropp og sinn får av brennstoff, er mykje viktigare enn det folk flest er klar over, seier Rita.

Ho stortrivst i Bråtå. Der vil ho bu og arbeide. Ho har på ein måte kome heim, seier ho.

– Eg tykkjer det er heilt fantastisk her. Berre sjå ut! Tenk å berre kunne ha på seg skia og vandre avstad, det finst ingenting betre, seier ho engasjert.