– Vi er glade for at eigedommen nå er seld, seier styreleiar Anders Gustav Bjørnsen.

Vågå Handelshus vart lagt ut for sal for 6,9 millionar kroner i oktober.

Meglar Ingar Finstuen i Innlandet Næringsmegling stadfestar at eigedommen er seld, men ynskjer ikkje seie noko meir før han har hatt kontraktsmøte med kjøpar neste veke.

– Eigedommen vart seld etter bodrunde. Det var god interesse og til sjuande og sist var det to som la inn bod.

Etter det Fjuken kjenner til, er det eit eigedomsselskap i Brumunddal som har kjøpt Vågå Handelshus. Dette vil ikkje meglaren stadfeste.

Styreleiar Anders Gustav Bjørnsen seier at med kring 500 aksjonærar, var det ein eigarstruktur det var vanskeleg å få utretta noko på eigedomen med.

Styreleiaren fortel at generalforsamlinga gjekk for å selje bygget. Nå som bygget er seld, fortel Bjørnsen at selskapet vil bli avslutta.

Når gjelda er gjort opp, vil kapitalen i selskapet bli fordelt på aksjeeigarane.

Mange av aksjonærane har berre ei aksje. Bjørnsen med 50 aksjar, er den største eigaren i selskapet.

Samla bygningsareal på Vågå Handelshus utgjer cirka 4.300 kvadratmeter, fordelt over to plan, pluss kjellar.