Det er Afrim Krasniqi i NorHjem AS som har gjeve bodet.

– NorHjem AS er eit «sovande» selskap. Det er min bror og eg som står bak bodet og som har planar for kva bygget skal brukast til. Vi har allereie lagt mykje tid, arbeid og pengar i prosjektet. Eg må seia vi er svært spente på om vi får tilslaget eller ikkje, seier Afrim Krasniqi.

Han fortel at han er frå Gvarv i Telemark.

– Gvarv er ein liten kommune der alle kjenner alle, akkurat som Skjåk, vil eg tru. Kva eksakte planar vi har for Nordberg skule, tykkjer eg det er for tidleg å seia noko om. Ikkje fordi eg ikkje vil, men fordi eg vil vente til bodfristen er ute. Dersom vi er så heldige å få tilslaget, gler eg meg til å fortelja kva vi skal bruke bygget til. Det eg kan seia, er at vi gler oss stort og at det vil resultere i fleire arbeidsplassar innanfor ei fornuftig bransje, seier han.

Den nye storskulen i Bismo skal stå ferdig og takast i bruk hausten 2018, og det er såleis ikkje bruk for Nordberg skule etter den tid. Saksbehandlar Ove Jon Plassen fortel at det så langt er kome inn 12-13 bod. Han fortel at bodgjevarane har ulike forretningsidear, men at han ikkje ynskjer å seia så mykje meir om det før bodfristen er ute.

– I planane har vi fått idear om alt frå folkehøgskule til utstillingslokale for kunst, oppsummerer han.