Onsdag kveld førre veka vart det klart at budsjettforhandlingane i regjeringa hadde ført til reversering av det føreslegne kuttet på 22,5 millionar kroner til studieforbunda.

– Meldinga om at vi har lukkast med å få kuttet reversert, var ein gledeleg presang, seier Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjettet, ville dei redusere løyvinga til studieforbunda med 22, 5 millionar kroner, samanlikna med nivået i 2017.

Gangsø kalla forslaget for eit kraftig spark mot kurstilboda til lag og foreiningar over heile landet, da regjeringa la fram i oktober

For Studieforbundet kultur og tradisjon aleine, betydde forslaget eit kutt på 1,9 millionar kroner i høve til årets opplæringstilskot på 17,3 millionar.

I 2016 gjennomførte Studieforbundet 5.169 kurs, med 40.000 deltakararar, og utbetalte til desse kursa i snitt 3.350 kroner i opplæringsstøtte. Dersom forslaget hadde vorte ståande, ville dette betydd at opptil 570 kurs neste år ikkje ville få opplæringsstøtte frå Studieforbundet kultur og tradisjon. Kuttet ville ramma tilskotet til opplæring i songkor, musikkorps, teater, seniordans, folkedans, husflid, og handverk.

– Ei fantastisk mobilisering gjer at vi får det til denne gongen også, seier Gangsø som fortel om eit stor engasjement frå medlemar over heile landet, organisasjonar, lokallag og eldsjeler.

Leiaren av Studieforbundet kultur og tradisjon rettar også ein takk til Venstre og Krf for at dei såg verdien av læring i frivillig sektor og stod på krava i budsjettforhandlingane.

– Det friviljuge står styrka attende, seier Kjærsti Gangsø.