Mykje folk fann vegen til Lalm samfunnshus og julemessa sundag. Her kunne ein finne ting som pynta og varma, eller var til nytte.

Og ingen trong å gå svolten heim att. Middagen vart servert i veslesalen.

Inger Synnøve Killi frå Dombås og Finn Sandum frå Skjåk var to av mange utstillarar under julemessa.

Finn er utfløtt lalming som var på heimlege trakter. Han og Inger Synnøve samarbeider om å lage vindaugsnissar og klatrenissar.

Idémakar er Finn som skjer ut emna, som Inger Synnøve målar på. Og med motiv på båe sider, tittar nissen både ut og inn frå sin plass i vindaugskarmen.

Finn har også funne gamle materialar som Inger Synnøve har måle julemotiv på.

Julemessa på Lalm er ikkje den einaste dei er på. Snart skal dei til julehuset på Oppdal, der Inger Synnøve skal stille ut måleri og Finn skal lese dikt.