I regi av Lom jeger- og fiskerforening arrangerte Erland Haugen laurdag kurs der deltakarane skulle lage sitt eige utstyr for oterfiske.

Kurs samla åtte deltakarar, der fem var av den yngre garde. Dei fleste av dei yngre hadde vore med på oterfiske før.

– Eg vil vekkje interesse for oterfiske, slik at kunnskapen om dette ikkje døyr ut. For mange skortar det på utstyr. Eg fekk spørsmål om å halde kurs der ein kunne lage sitt eige utsyr, sa Erland Haugen da kurset starta på Garmo grendahus.

Til sommaren når isen har gått på Tesse, skal kursdeltakarane prøve utstyret ved Tverrlandet.