Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Tonje og Merete Fallingen Stadeløkken frå Skjåk. Dei fyller 7 år den 27. november, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Tonje og Merete vart gratulert i avisa av Amalie, mamma og pappa. Dei fekk også helsing av Marte & Jonnen.

Gratulerer med dagen, Tonje og Merete!