Det sa Julia Seiter i Vågå Utvikling under julegateopninga i Mo’om laurdag ettermiddag.

Sjeldan har det vore fleire folk i sentrum under julegateopninga. Toget frå Bilkontoret gjennom sentrum til Aktivitetsparken var nesten like langt som 17. mai-toget.

Fremst i toget var hestar med vogner. Mildvêret øydela sledeføret, men det øydela ikkje stemninga.

– Vågåmo har kulissene til ein julelandsby. Vi håpar at dette skal bli starten på noko større, sa Livia Sauter før julegrana vart tent.

Det var ungdomsrådet som hadde sørga for at det vart grave ned ein juletrefot på Aktivitetsparken.

Ungdomsrådsleiar Alida Steinum Brun trekte fram kor viktig det er å halde på tradisjonar som julegateopning med tenning av julegrana, i si tale.

– Vi tenner ljosa på treet for ungdom, sentrum og kulturen, sa Alida Steinum Brun.

Det var ordførar Iselin Jonassen som fekk æra av å tenne ljoset på julegrana.

Vågå musikkforening bidrog med musikk. Tidlegare på dagen hadde det vore aktivitetar i sentrum der elevar frå kulturskulen hadde spela.