På oppdrag frå Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet har Helfo utarbeidd ei anbefaling til ny kontorstruktur for å oppnå sterkare fagmiljø og meir effektiv ressursutnytting.

I anbefalinga som Helfo sin direktør Jan Mathisen la fram 15. november, kom han med forslag om å leggje ned 15 kontor i landet.

Kontoret i Vågå som er lokalisert på Ysteriet, er eitt av desse, og har tre tilsette.

Dei andre kontorstadene er Kirkenes, Lenvik, Harstad, Beiarn, Nærøy, Verdal, Gloppen, Bergen, Voss, Kristiansand, Risør, Kongsberg, Eidsvoll og Oslo.

Kontorstadene i Mo i Rana, Ørsta, Sola, Tønsberg og Fredrikstad er føreslege vidareført.

Direktør Jan Mathisen skriv i brevet som er sendt Vågå kommune, at nedlegginga av kontorstadene vil tidlegast skje 1. juli 2019. Endringane av kontorstrukturen skal vere gjennomført innan utløpet av 2020.

– Medarbeidarane ved kontora som er føreslege nedlagt, vil få tilbod om jobb på ein av kontorstadene som blir vidareført, skriv Mathisen.

Framlegget til omorganisering som er utarbeidd av Helfo, skal vidare til Helsedirektoratet og til slutt til Helse- og omsorgsdepartementet for avgjerd.

FAKTA:Helfo er eit statleg forvaltningsorgan og har ansvar for ordninga med stønad og refusjon for utgifter til helsebehandling, legemidlar og andre utgifter som blir dekt av Folketrygda.

Senterpartiet reagerer på forslaget om å leggje ned statlege arbeidsplassar i Vågå.

Kjersti Toppe, stortingsrepresentant frå Senterpartiet og fyrste nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, vil forsøke å stoppe dette allereie nå i budsjettforhandlingane i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Ho vil fremje eit forslag i Stortinget om at denne sentraliseringa skal stoppast og at nedleggingsplanane blir skrinlagt.

– Dette er heilt uakseptabelt. Dette betyr ei nedlegging av heile kontoret, og det vil ikkje vere tilsette att i Vågå. Dette vil Senterpartiet kjempe i mot, da dette er ren sentralisering. Eg kan ikkje forstå at dette skal gje nokon gevinst eller noko betre kvalitet. Dette rammer arbeidsplasser ute i landet, skriv Kjersti Toppe i ei pressemelding.

Helfo sitt kontor i Vågå held hus i næringshagen på Ysteriet. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV