Kulturskulen er - og vil og framover vere eit viktig tilbod til barn og unge. Samstundes har Vågå kommune store utfordringar med å få pengane til å strekkje til. Ein slik situasjon er krevjande og vi må ta grep som ikkje er like populære hjå alle.

Vi i Vågå Arbeiderparti har hatt lange diskusjonar om prioriteringar. Vi ynskjer å oppretthalde leirskuletilbudet som kjem alle elevane til gode, vi ynskjer å oppretthalde minstefradraget på eigedomsskatten som kjem alle til gode og ikkje minst dei som har de lågaste inntektene og vi ynskjer å ha eit felles lærlingkontor. Både helse og omsorg og skule/barnehage har hatt omfattande reduksjonar.

Vågå Arbeiderparti har foreslått ein reduksjon på kulturskulen for 2018 frå 1,8 mill til 1,6 mill. Ut i frå dagens elevtal vil dette seia at kulturskulen får ca kr. 13.000,- til disposisjon pr. elev i 2018. Dette er ein høgare sum pr. elev enn det t.d. Sel kommune brukar i sin kulturskule. For denne summen bør det vere mogleg å ha ein god kulturskule, utan at kulturskulen verken blir rasert eller nedlagt.

Styret i Vågå Arbeiderparti

Geir Stadeløkken, Gjermund Øihusom, Anne-Grethe Furuheim, Rita Benrud. Torill Kjøk, Odd Erik Sveen, Helny Kveen og Iselin Jonasessen