Skjåk kommune – som dei fleste andre små distriktskommunar  - har dystre økonomiske utsikter. Bildet er prega av færre innbyggjarar, men fleire eldre. Nedgang i folketalet betyr mindre i rammeoverføring frå staten. Samstundes, med auke i talet på eldre og fleire sjuke og pleietrengjande, vil dei kommunale kostnadene auke. Regjeringa har ei uttrykt målsetting om å redusere eigedomsskatten på verk og bruk, som er ei betydeleg inntektskjelde for kraftkommunar. Konsekvensane for Skjåk vil bli store.

– Etter folkeavrøystinga om kommunereforma må dei som venta på eit regjeringsskifte og starten på ei reversering av reforma innsjå at staten neppe blir meir distriktsvenleg dei næraste åra. Flyttestraumen til dei meir sentrale områda i landet held fram. Det betyr at det blir færre og færre til å røyste fram ein meir distriktsvenleg politikk, innleidde Holen, som bad kommunestyret om å tenkje lenger fram enn fire år.

Ottadalen må greiast ut

– Innbyggjarane i Skjåk sa nei til kommunereforma og tenkte nok at dei valde det trygge. Min påstand er at innbyggjarane valde det utrygge. Det som er viktig nå, er å løfte blikket og sjå framover. Kva har endra seg sidan i fjor? Vi har hatt stortingsval. Den blå-blå regjeringa fekk fornya tillit. Vi ser på område etter område at det blir meir sentralisering, og vi merkar eit massivt angrep på rettane som kraftkommunar har. Å stadig redusere i den kommunale drifta er trøyttande og utmattande. Er det fornuftig at tre kommunar, Skjåk, Lom og Vågå, utgreier å byggje ut sjukeheimane sine? Kan vi ha ei felles sjukeheimsdrift? Demensomsorg i ein kommune, med spesialutdanna tilsette – og til dømes rehabilitering i ein annan kommune? Det er like eins med barnehagane. Pendlarane køyrer mellom desse tre kommunane. Er det naudsynt å ha full barnehagedekning i både Lom, Skjåk og Vågå? Min draum er at kommunestyret i Skjåk vil gje administrasjonen mandat til å gjera utgreiingar på dette. Eg tenkjer på legevaktordninga òg. Ottadalen vil ha til saman 10 legeheimlar og tre turnuskandidatar, altså heile 13 legar i ei mogleg vaktordning. Kanskje kan det vera råd å få til ei eiga legevaktordning for Lom, Skjåk og Vågå? Det opnar seg mange moglegheiter. Dersom vi går inn i eit slikt utgreiingsarbeid, vil Fylkesmannen hjelpe oss med kompetanse og økonomiske midlar. Eg meiner alternativet Ottadalen må greiast ut. Det vil i så tilfelle bli ein kommune med 8.200 innbyggjarar, sa rådmann Svein Holen.

Han opplyste at staten vil koma med nye tiltak som vil leggje til rette for at fleire kommunar kan søkje saman.

– Eg håpar kommunestyret ser på dette som konstruktive råd frå mi side. Eg veit det sit langt inne å tenkje eigedomsskatt, som eg har foreslått – og eg veit det sit langt inne å tenkje kommunesamanslåing. Men sjå på det som eit råd, bad han.

Ordførar Elias Sperstad slo fast at rådmannen hadde synleggjort «noko å tyggje på», om han uttrykte det.

– Den noverande blå-blåe regjeringa tek kvelartak oss, så hardt at vi blir blå-blåe i trynet, sa han.

Krass Banken

Stig Banken (Ap) var knallhard i sitt svar til rådmannen.

– Eg reagerer på at du tek fram kommunesamanslåing i samband med økonomiplanen, det forstår eg ikkje. Det er rein politikk! Vi har nyleg hatt ein stor prosess på dette, vi har hatt folkeavrøysting og vi har gjort eit vedtak i kommunestyret. Du tek det opp att, og eg likar det ikkje i det heile tatt, for å seia det mildt. Eg ser på det som skremselspropaganda. Eg er fullstendig klar over kva vi både sa ja til og nei til. Skjåk kommune var ein av få kommunar som faktisk tente på kommunereforma gjennom at vi fekk auka overføringar frå staten. Eg forstår ikkje kva motivet til rådmannen er? Kvifor tek du opp dette? Er det for å ta fokuset bort frå økonomiplanen du har lagt fram? undra Stig Banken, i det som må kunne karakteriserast som eit uvanleg krast innlegg.

Han slo fast at han var frykteleg skuffa over rådmannens forslag til budsjett- og økonomiplan.

Rådmann Svein Holen sa seg lei for at Stig Banken tolka innlegget hans som politisk propaganda.

– Kven er det eg driv propaganda for, da? Som rådmann er eg rådgjevar for kommunestyret, det er heilt klart ein viktig del av min jobb, slik eg ser det. Eg peikar på utfordringar og moglege løysingar. Det blir opp til kommunestyret om råda skal brukast eller ikkje. Kva kommunereforma har med økonomiplanen å gjera? Det har i høgste grad med økonomiplanen å gjera. Det handlar om vilje til å gå inn i ein prosess, det handlar om moglegheit til å spare investeringskostnader og musklar til å snu folketalsnedgangen. På område etter område ligg det eit potensiale for å spare pengar. Kva er alternativet?

Meir samarbeid

Ordførar Elias Sperstad fortalde at intensjonsavtala som vart framforhandla mellom Lom og Skjåk framleis blir brukt når det blir prata om samarbeid.

– Og der skal vi vera, vi skal søkje meir samarbeid. Det er ikkje naudsynt å slå saman Lom, Skjåk og Vågå for å ha ei felles sjukeheimsdrift, som eit døme, sa han.

Sevald Sperstad (Sp) slo på si side fast at det ikkje er lenge sidan skjåkværane sa nei til kommunesamanslåing.

– Ein kommunesamanslåing er ikkje gjort i ei håndvending og den økonomiske vinninga vil ikkje skje så fort. Om ein snau månad skal vi bli forlikte om budsjettet og økonomiplanen. Problemet er at vi har for store utgifter og at inntektene frå staten blir redusert kvart einaste år. Dersom dette held fram, må vi til slutt innføre eigedomsskatt på hytter og hus. I så tilfelle så er det Frp og Høgre som har skulda, sa han.