Julelatter og ståande applaus frå dei 136 publikummarane i Otta kulturhus fredag kveld viste at dei sette pris på førjulsrevyen «Fake Christmas».

Det musikalske showet i revysjangeren er eit resultat av eit samarbeid mellom Jotunheimen underhaldning i Lom og eldsjeler innan teatermiljøet i Sel.

Og det samarbeidet var fruktbart. Primus motor Endre Skjåk, Viggo Didriksen, Eldri Tofte og Veronika Wolf for ut og inn av scena i forskjellige roller og figurar, akkompagnert av bandet med Pål Svindland, Ole Foss, Lars Bakke og Reidar Svare.

Viggo Didriksen var heilt konge som monark der han prøvde å sy saman nyttårstalen, kanskje nokon kjende seg att – svaiande heim frå julebord, eller reise miljøvennleg med NSB heim til jul. Møte med forskjellige julenissar hjå psykologen.

Songtekstene var like mykje heimgjort som ølbrygginga dei song om – til å bli glad av. Freistinga av å byrje i kor vart ikkje mindre denne kvelden. Eller kanskje ikkje?…

Latteren sat laust hjå publikum av verbale og kreative tekster, både med og utan song. Scena om Kvitskriuprestein var ei perle i form av ordspel om stein og grus.

Eitt av høgdepunkta var Endre Skjåk som las forteljinga om Julenissen og Mulla Krekersen, fritt og vågalt etter Prøysen si kjende forteljing om Julenissen og Snekker Andersen.

Med ein månad att til jul, er «Fake Christmas» eit pusterom, der publikum kan sleppe latteren laus og la seg underhalde. Det er all grunn til å leggje bort julestria og få med seg dette.

Laurdag er det ny førestilling i Otta kulturhus. Neste helg står Endre Skjåk og gjengen på scena i Utgard i Lom.