23. november er den nasjonale MOT til å glede-dagen. Dagen handlar om å skape og spreie glede.

På Vågå ungdomsskule serverte Ingrid Holø Bjørndal, Tuva Ryen, Mia Smedsmo Stadeløkken og Eldri Granlund gløgg og pepparkaker i matfriminuttet til dei andre elevane på ungdomsskulen.

Dei har vore på kurs for å utdanne seg til Ung MOTivatorar saman med andre 9. klassingar frå Sel og Skjåk. MOTivatorane skal skal bidra til tryggleik og trivsel i skulekvardagen for sine medelevar.

Ei av hovudoppgåvene til dei fire MOTivatorane er at dei skal inn i 7. klasse på barneskulen for å gje dei ein smakebit om korleis dei vil bli motteke når dei byrjar på ungdomsskulen neste haust.

Om dei fire jentene ynskjer det, kan dei få reise på camp til Trondheim for å bli unge MOT-leiarar.

Dei andre elevane på ungdomsskulen sette pris på å få gløgg og pepparkaker i matfriminuttet. Det var ein god «dessert» etter nistepakka.