Føremålet til ein friviljug organisasjon er ikkje-kommersielt og tufta på ikkje-offentleg grunnlag. I Vågå husflidslag sitt tilfelle baserer vi oss på kontingentar, offentlege tilskot, innsamla midlar og friviljug innsats og tidsbruk. Husflidslaget er eitt av dei laga som Bygdalista listar opp som moglege samarbeidspartnarar som kan erstatte kulturskuleaktiviteten.

Bygdalista sitt forslag startar så bra: I Vågå er vi heldig stilt ved å ha lag og foreiningar som favnar over eit breidt felt innan kulturlivet. Mange av desse foreiningane arbeider aktivt med rekruttering og har gode miljø for opplæring av unge. Det er heilt sant, og all ære til alle dei som engasjerer seg i opplæring innan den friviljuge sektoren. I 2015 vart det på landsbasis gjort over 71 000 ulønna årsverk innan det friviljuge knytt til kultur og fritid.

Korleis skal eit lag som vårt kunne inngå forpliktande avtaler om ei lovpålagt offentleg oppgåve der kontinuiteten er sikra over lengre tid? I forslaget til statsbudsjett er støtta til det friviljuge Noreg drastisk redusert, mellom anna er det framlegg frå regjeringa om eit drastisk kutt i støtte til kurs i friviljuge lag. Drifta i eit husflidslag som vårt må slik ta høgde for at det kan bli enda meir marginale forhold å arbeide under.

Så les eg vidare: Forslaget går i stutte trekk ut på å omorganisere Kulturskulen i Vågå ved å gå i dialog med lag og foreiningar for å kartleggje moglegheitene for å laga forpliktande avtalar for tilbod om opplæring og aktivitetar. (…) Fordelane ved å omorganisere på denne måten vil vere at ein brukar mindre administrative ressursar i kommunen. Er Arbeidarpartiet og Bygdalista, som stemte for dette forslaget, klar over kor mykje administrative ressursar som allereie blir brukt i eit lag basert på friviljuge ressursar? Kor mykje ressursar som krevst ved planlegging, gjennomføring og oppfølging av eit kurs for vaksne eller barn? I Vågå husflidslag brukar vi i underkant av eit dagsverk kvar veke på administrasjon og organisering av aktivitetane våre. Ei auka arbeidsmengd knytt til løysing av offentlege oppgåver kan føre til at eldsjeler mistar motivasjonen, eller at kabalen ikkje går opp og aktiviteten må reduserast.

Av dei avgrensa ressursane husflidslaget har skapar vi ei aktivitetsmengd som er handterbar. Det er ikkje ønskjeleg at dei få og verdifulle menneskelege ressursane vi har tilgang på blir brukt opp slik at laget går tomt for drivkraft. Drivkraft til å utøve vår rolle som eit lag basert på friviljug aktivitet.

Av all den aktiviteten som husflidslaget genererer er det berre kurslæraren som er løna, i dei tilfella vi leiger inn dette. Kurslæraren har ikkje nødvendigvis tilknyting til husflidslaget. Dei har kompetanse i sitt fag, om ikkje så ofte formell kompetanse. Dei same krava kan ikkje stillast til oss som til offentleg tilsette.

Når fleirtalet i formannskapet stemmer for å overføre ei oppgåve som Vågå kommune har ansvar for å gjennomføre, må det stillast kritiske spørsmål knytt til både økonomiske og menneskelege ressursar og den ideologiske tanken bak friviljugt arbeid: Skal oppgåver i laget bli inntektsgjevande arbeid? Skal det friviljuge bli ei erstatning for det profesjonelle og det lønna arbeidet? Kva skjer da med tanken om det friviljuge som ein stor og viktig drivkraft i kommunen? Vi gjev av den tida og kompetansen vi har, oftast  på kveldstid eller i helg, og dei same krava kan ikkje stillast til oss som til offentleg tilsette.

Det friviljuge sin innsats i Vågå er allereie betydeleg. Vi supplerer og i mange tilfelle forsterkar den kommunale kulturskuleundervisninga. Det burde vere viktigare å tenkje gjennom korleis kommunen og det friviljuge kan samarbeide, enn å fokusere på korleis friviljuge kan brukast til å løyse offentlege oppgåver.

Det er ikkje det at vi ikkje vil bidra. Det er jo derfor vi er engasjert i det friviljuge – vi er engasjerte og interesserte og ønskjer å gjere ein innsats. Kan hende tenkjer andre lag at forslaget frå Bygdalista er relevant, ønskjeleg og gjennomførbart. Det finst gode døme på samarbeid mellom det offentlege og det friviljuge på avgrensa oppgåver. Men: Det er ikkje det friviljuge si rolle å erstatte det offentlege tilbodet. Vi er ikkje ein leverandør av offentleg tenestyting, og det er heller ikkje den friviljuge sektoren si oppgåve.

Anne Silje Bergfor styret i Vågå husflidslag