Laurdag 25. november er det julegateopning med mykje aktivitetar i sentrum på dagtid og stort nissetog om ettermiddagen frå Bilkontoret til Aktivitetsparken.

Hanne Engen og Unni Brimi skal køyre fyrst i toget med hest og slede. Og hestefolk er invitert til å stille i ridefølgje bak. Andre blir oppmoda til å ha med seg lykt.

– Vi håpar at dette skal bli starten på noko større. Vågåmo har kulissene til ein julelandsby som inviterer folk til å handle, seier Julia Sauter i Vågå Utvikling.

I Aktivitetsparken blir det tenning av julegrana og musikk av Vågå musikkforening.

Nils Aasheim og Iver Galstad frå Vågå kommune festar ljos på trea gjennom sentrum. Foto: ARVE DANIELSEN