Julekonserten i «storstugun» har vorte ein årleg tradisjon som samlar fulle hus. I år er konserten torsdag 30. november.

Familien Bakke, med far Thomas og døtrene Emma, Åsne og Anne, er i ferd med å bli bygdas nye yndlingar. Dei hadde stor suksess på Gammel-Kleppe i sumar der mange fekk stifte kjennskap til den musikalske familien.

To andre ungdomar som gjer suksess på scena, er Julie Garmo frå Garmo og Martin Steinum Brun frå Vågå. Dei har stått saman på scena tidlegare, blant anna med teaterinnslag på UKM. Som songsolistar står dei to trygt planta med båe føtene i scenegolvet. Stemmene deira kan få nakkehåra til reise seg hjå publikum.

Ei anna songlerke er Silje Hedlund frå Otta som vil setje publikum i stemning denne kvelden.

Fast innslag under julekonserten er konsertmeister Vidar Hoel. I år har han med seg Knut Erik Tessnes på bass og Svein Rune Damstuen på trommer.