Då eg ville flytte til Vågå, for 5 år sidan, var det mange som blei overraska. Eg hadde arbeidd med teater i Asker i 11 år, og skulle flytte lengst nord i Oppland. Til ein kommune kor hovudnæringa var landbruk. Alle tenkte eg var gal, som skulle flytte så langt av garde. Finnes det moglegheiter for ein teaterpedagog der? Eg var ikkje heilt fryktlaus, men torde å flytte fordi eg hadde fått ei lita årskontrakt i Vågå og ei i Skjåk. Kor då? I kulturskulen, så klart! Det gjorde at eg turte å ta spranget: Flytte til Vågå. Då eg var innom skulen ein av dei siste arbeidsdagane mine, sa ein kollega til meg: «Du kjem til å merke ein forskjell i Vågå. På bygda verdset dei kulturskulen sin.» Så bra, tenkte eg. No er eg ikkje så sikker.

Kva tyder eigentleg forslaget til Bygdalista?

Vågå kommune skal kutte mellom 15-18 stillingar. Som ein del av denne innsparinga har Bygdalista og Arbeiderpartiet stemt inn eit forslag om å omorganisere kulturskulen. Eg siterer frå forslaget: «…omorganisere kulturskulen i Vågå ved å gå i dialog med lag og foreiningar for å kartlegge moglegheitene for å lage forpliktande avtalar for tilbod om opplæring og aktivitetar, samt finne eit system der for eksempel rektor ved ein av skulane på bakgrunn av rapportering frå aktørane er ansvarleg for å sikra at aktiviteten er innafor dei krava kommunen har stilt.»

Kva betyr dette? Skal frivillige ta seg av undervisninga i kulturskulen? Skal den administrative oppgåva til kulturskulen utførast av ein grunnskulerektor?

Veit politikarane eigentleg kva dei har?

Vågå kommunale musikkskule starta opp i 1992. Da hadde skulen rundt 65 elevar. I 1997 kom kulturskuleparagrafen inn i grunnskulelova med §13-6. : «Alle kommunar skal aleine, eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit musikk- og kulturskuletilbod for barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles».

Det har vore opp til kommunane sjølve korleis dei organiserer kulturskulen sin, og det har vore store skilnadar når det gjeld pris og kva for undervisning skulen tilbyr. Vågå kulturskule begynte å undervise i gitar, trombone, fele, fløyte, klarinett, baryton, kornett og saksofon. Vågå var tidlig ute med å definere seg som ein kulturskule, og utvida med teaterundervisning allereie i 1995. I dag har Vågå kulturskule 134 påmelde elevar, 10 elevar i Teater Hotpot og 45 elevar i 3. klasse med korpsundervisning i skuletida. Kulturskulen består av 3.1 årsverk, fordelt på 9 lærarar. Dette er inkludert rektorstillinga. Rektor koordinerer undervisninga og utleige av lærarar (som dirigentar til lag og foreiningar, skulekorps og danselærar til Vidaregåande), legg timeplan, lager arbeidsplanar, årshjul, organiserer elevinntak, har personalansvar og det pedagogiske og kunstnarlege ansvaret, initierer og leier større samarbeidsprosjekt, organiserer og planlegg konsertar og framsyningar, har hovudansvaret for å leige utviklingsarbeid og arbeidet med den nye rammeplanen, organiserer kulturskuleturar, har økonomiarbeid og arbeid med fakturagrunnlag, er ansvarleg for innkjøp og utleige av instrument og utstyr, samarbeider med fylkeskommunen, nabokommunar og andre samarbeidsaktørar om ulike prosjekt. Rektor er og Vågås representant til UKM (Ung Kultur Møtes) og underviser på fløyte. Puh! Sjå for dykk å få heile denne administreringa i tillegg, for ein allereie overlessa grunnskulerektor. (Det er jo trass alt også eit innsparingsforslag å slå saman rektor for barneskulen og ungdomsskulen.)

Vågå kulturskule tilbyr undervisning i teater og moderne dans, fiolin og cello, fløyte, messinginstrument, trommer, gitar, piano, song, trekkspel, toradar, og karusell-undervisning for dei yngste. Her får elevane undervisning i teater, visuell kunst, musikk og dans, med ein kontaktlærar som følgjer gruppa gjennom året, og ein kunstfaglærar på kvar stasjon. Alt dette får kommunen frå 3,1 stillingar! Og dette er steinen dei vil snu - for alle steinar må snuast.

Eit viktig samspel, kulturlivets «økosystem»

Vi blir ikkje rike av å jobbe i Vågå kulturskule. Lærarane har små stillingar, som varierer frå 3,6% - 64%. Ved sidan av å undervise i kulturskulen, livnærer vi oss ved å undervise i grunnskulen, i nabokommunane sine kulturskular, i lag og foreiningar, vi arbeider som frilans kunstnarar og to av oss har småbruk med sau. Alle har kunstfagleg og pedagogisk utdanning, det same har rektor.

Fleire av oss samarbeider allereie mykje med lokale lag og foreiningar. Kulturskulens danselærar har sidan 2015 vore medlem i dansenemnda i Vågå spel og dansarlag, og sidan sommaren 2017 styremedlem i FolkRekrutt. Messinglæraren i kulturskulen dirigerer Lalm musikkforening, Vågå skulekorps og Otta skulekorps, og kulturskulens songlærar dirigerer Vågå songkor. Dette er eit viktig poeng, også vist til av Trond Eklund Johansen, dagleg leiar i Hedmark og Oppland musikkråd i GD 20.11.17. Johansen kallar det for ”kulturlivets økosystem” utanfor dei store byane, samspelet mellom kulturskulen og lag og foreiningar. Kva trur politikarane vil skje med desse ressursane i bygda dersom lærarane mister den stabile delen av arbeidet sitt, som er kulturskulen? Lag og foreiningar utgjer ein viktig del av kulturlivet i Vågå kommune. Vågå skulekorps har allereie samarbeidd mykje med Vågå og Lalm musikkforeining. Dei har hatt flotte konsertar i lag, øvd i lag, og denne veka er vaksne musikantar frå musikkforeiningar i lag med skulekorps frå Lalm, Vågå og Otta på Teater innlandet si framsyning av KORPS. Dette samarbeidet fungerer, og er i utvikling. I forslaget frå Bygdalista står det at «lag og foreiningar treng rekruttering.» Mange som no spel i både Trekkspillklubben og i Vågå spel- og dansarlag starta musikkopplæringa si i kulturskulen. Politikarane skal nok sjå at det same skjer med elevar frå skulekorpset etter kvart. Dei treng ikkje gå inn og rykkje ut delar av kulturlivet sitt økosystem. Kulturskulen og lag og foreiningar utfyller kvarandre, dei underviser på ulike vis, og i mange ulike uttrykk. Til saman gjer dei Vågå til ei mangfaldig bygd å vekse opp og leve i, og alle som vil kan ta del i dette. Det pratas stadig om korleis vi kan stoppe nedgangen i innbyggartal. Dette hjelp ikkje!

Rammeplan for kulturskulen

Politikarane vil omorganisere. Vågå kulturskule er allereie i eit arbeid med omorganisering. Vi arbeidar med å implementere den nye rammeplanen for kulturskulen: ”Mangfold og fordypning. Rammeplanen er eit stort og viktig styringsdokument for alle kulturskular i Noreg, og skal gje eit innovativt og kvalitativt løft for skuleslaget. I Vågå vart kulturskulen plukka ut som ein av 50 kommunar til å vere dei første som får råd og rettleiing i eit to-årig prosjekt, i regi av Norsk kulturskuleråd, for å starte arbeidet med å implementere rammeplanen i kommunen.

(http://www.kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/hva-er-rammeplanen) Dette arbeidet skjer samstundes over heile Norge. Skal det no stoppe opp i Vågå?

Dei estetiske faga sin plass i norsk skule og kulturskulens samfunnsoppdrag

Kulturskulen er ikkje lenger ein lokal musikkskule kor alle lærarane arbeider isolert og berre med ein til ein-undervisning. Kulturskulen søkjer å vere ein viktig del av utdanninga og danninga til alle barn og unge som ynskjer det. Kulturskulen har ordningar med redusert betaling for familiar med låg inntekt. Kulturskulen samarbeider også tett med flyktningkontoret i kommunen, og er slik ein viktig inkluderingsarena i Vågå, med gode inkluderingsprosjekt, som Teater Hotpot. (https://www.youtube.com/watch?v=hlIq_9QClXs)

I norsk grunnskule har dei praktisk-estetiske faga blitt systematisk redusert. Frå å utgjere 19,7 prosent av timetallet i 1974, utgjer faga musikk og kunst & handverk no berre 12,3 prosent. Musikk er skulens nest minste fag. I dette utdanningslandskapet er kulturskulen ein viktig aktør for danninga til barn og unge for å bli heile menneske. For vi er ikkje berre bokstavar, tal og kunnskapsmål. Vi er fulle av kjensler, lengt, glede og sorg. Vi er i endring heile tida, og vi treng å uttrykkje oss og bevege oss. Vi treng å skape! Leiar i kulturrådet, Tone Hansen, skriv i Dagsavisa (25.7.17) at læringssynet i K Kunnskapsløftet er avgrensande, og at dette blir vidareført i høyringsuttalane til den nye læreplanen:

«Kulturrådet stiller seg undrende til at opplæringen i grunnleggende ferdigheter skal begrenses til skriving, regning, muntlige- og digitale ferdigheter, mens for eksempel ferdigheter innen bevegelse, tegning og teater ikke anses som grunnleggende på samme måten..» http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/kunstfag-under-press-1.1000128

Noreg treng kulturskulane sine, og at dei opprettheld profesjonaliteten sin. I ei tid der ungane våre blir vurdert etter kva for mål dei greier å nå, og basisferdigheiter er avgrensa til matte, engelsk, norsk og digital dugleik, då treng vi ein skule som verdset dei viktige estetiske faga og barnas eiga verd. I Rammeplanen for kulturskolen kapittel 1.3. les vi om kulturskulens formål:

«Kulturskolen skal gi opplæring av høy faglig og pedagogisk kvalitet til alle barn og unge som ønsker det. Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstneriske uttrykk. Kulturskolen er en sentral del av den sammenhengende utdanningslinjen som kan kvalifisere elever med særlig interesse og motivasjon til opptak i høyere kunstfaglig utdanning. Opplæringa skal bidra til barn og unges danning, fremme respekt for andres kulturelle tilhørighet, bevisstgjøre egen identitet, bli kritisk reflekterende og utvikle egen livskompetanse.» (Frå Rammeplanen for kulturskulen, Mangfold og Fordypning, Norsk kulturskuleråd.)

Bruk kulturskulen, ikkje bygg den ned!

Kulturskulane skal vere lokale ressurssenter for heile lokalbefolkninga, for handelsstanden, for lag og foreiningar, for grunnskulen og for barnehagane. Vågå kulturskule kan du kontakte dersom du treng eit kunstnarleg innslag til ei opning eller ei utstilling, til eit julebord, vakker musikk til ei gravferd, til eit bryllaup, dersom du treng hjelp til regi på revyen din, eller skulen skal settje opp ei framsyning. Kulturskulen kan jobbe med musikkterapi på Vågåheimen, eller babysang. Vi kan ha teaterleik i barnehagen og musikkverkstadar med dei minste. Bruk kulturskulen dykkar, ikkje bygg den ned!

Gro Dybvik

teaterpedagog i Vågå kulturskule, som repr. for lærarkollegiet: Brit Alseth, Barbro Bekken, Kristin Dahl, Paulo Macamo, Ilona Szucs, Odd Ivar Svelstad, Live Visdal