Bak selskapet Skogen Eiendom står to Ola Skogen; Ola O. som driv Skogen Bil og og Ola P. som driv Skogen Entreprenør.

Proel har kjøpt eigedomen til Stein Åldstedt og skal flytte dit.

Industribygget der Proel eigde sin del, vart i mars råka av brann. Og det er desse lokala Skogen nå har kjøpt.

Kontordelen som vart røyk- og vasskada, må rivast.

Totalt er lokalet på 730 kvadratmeter, med ein stor hall på 400 kvadratmeter.

Hallen skal blant anna brukast til utstilling av 10-15 bruktbilar. Ein del skal delast frå til verkstad og lager for entreprenørverksemda.

Både Skogen Bil og Skogen Entreprenør har investert fleire millionar kroner dei sista åra. Ny bilhall til 3 millionar stod ferdig i mars i fjor. Ola P. Skogen har nyleg kjøpt ny gravemaskin og lastebil til 10 millionar kroner.

– Det er ynskjeleg med blant anna eit dekkhotell, seier Ola O. Skogen.

Skogen Eiendom overtek lokala den 1. desember.