Det er så mykje som må ordnast i tida før jul, og julestria blir ikkje mindre strid av at alt må dokumenterast og delast på sosiale media.

– Kjennest ikkje det heile litt fake? Kvar vart det av julebodskapen? spør Endre Skjåk.

Han er ein av aktørane når Jotunheimen Underholdning inviterer til juleshowet «Fake Christmas» i Otta kulturhus fredag 24. og laurdag 25. november, og i Utgard i Lom fredag 1. og laurdag 2. desember.

Resten av ensemblet består av Lars Bakke, Viggo Didriksen, Ole Foss, Reidar Svare, Pål Svindland, Eldri Tofte og Veronika Wolf, alle svært scenevande.

– Dette er eit musikalsk show i revysjangaren, for eit vakse publikum. Framsyninga kan gjerne nyttast som «vorspiel», med eit julebord i etterkant av showet, fortel Endre Skjåk.

Alt av tekstar til det halvannan time lange juleshowet er eigenskrive.

Endre Skjåk fortel at det er uvisst om dei kjende Nordalsnissane dukkar opp, men lovar uansett mange andre nissar ...

Billettsalet er godt i gang, både i Otta kulturhus og i Utgard.