Vogntog sperra vegen sundag ettermiddag:

«Saksa seg» på glatta

Eit utanlandsk vogntog stod fast på glatta i Fjellvegen opp for Randen sundag ettermiddag.

Glatt Eit vogntog vart ståande fast på glatta i Vågå sundag ettermiddag.Foto: Heidi Lillebråten

Nyheiter

Politiet fekk rett etter klokka 16 sundag melding om at eit vogntog hadde «saksa seg» på Fjellvegen (fv51) i Vågå, mellom éin og to kilometer opp for riksvegen ved Randen.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken ved 17-tida opplyst at vegen er stengt inntil vidare, og at bergingsbil er på veg. Politiet er på staden sundag ettermiddag.

Operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt fortel at vegen er svært glatt.