Populært moteshow

Mykje folk kom for å sjå lokale modellar gå på det raude løparen under moteshowet på Vågå handelshus torsdag kveld.

Moteshow: Magnhild Vole har vore modell på mange moteshow i Vågå. Foto: HEIDI STRØMSTAD

Nyheiter

Kveldane med moteshow har vore populære og har samla mykje folk som vil sjå lokale modellar syne fram siste mote i fjellbygda. 

Torsdag kveld hadde butikkane Vågal, Liehjørna og Lugumstugu moteshow i handelshuset. Både ungar, ungdom og vaksne var i aksjon på den raude løparen denne kvelden.

Unge modellar: Signe Lien Runningen og Ola Holen på den raude løparen under moteshowet.Foto: HEIDI STRØMSTAD

Mange modellar: Lokale modellar synte fram siste mote.  Frå venstre står Marit Steinfinnsbø,Edel Holen, Svanhild Rindhølen Gardsteig, Tone Kongsrud, Inger Kari Sæta, Eva Melby, Mona Flatum Moen, Gunn Oddveig Berg, Ragnhild Runningen og Signe Lien Runningen.Foto: HEIDI STRØMSTAD