12 år etter at gigantplanane hans om  alpinanlegg opp mot Galdhøpiggen vart avviste i bygda tenkjer Per Tore Berg like stort og lanserer dei på nytt. Det tyder nye runder med møte med bygdefolket, med lokalpolitikarar, og, ikkje minst med ein administrasjon som må bruke mykje tid på å vurdere planane.

Bak Loms suksess som turistdestinasjon ligg generasjonars slit og omtanke for den unike naturen rundt oss. Utanfor dei rike jordbruksområde og opp mot isnande breheimar lærde lomveren seg at smått er godt, han fann nisjene i lendet og å leva med naturen, ikkje mot han.

Derfor kunne Lom aldri bli Hemsedal eller Trysil der byen er flytta ut i skogen og fjellet og landskapet i store område forma om til plastikk-kulisser.

Og nettopp i Loms ideologi ligg grunnlaget for det som dei andre opplever som ekte og serprega. Vi skal varleg bruke naturen rundt oss, ikkje forbruke han.

Per Tore Berg har aldri sett eller forstått dette og trampar inn i Bøverdalen med altfor store sko. For han og dei ivrige investorane er Ljoslia og dei urøyvde liene opp mot Galdhøa ein invitasjon til å brøyte nye vegar og hogge strimer av urskogen ut til fartsetapper for ein rastlaus generasjon av menneske som aldri får nok.

At nokon er glad i dette landet slik det er og gjerne vil gjeva det vidare til nye menneske i nye tider etter oss, er nok ikkje noko mannen med den store alpindraumen vil leggje vekt på.

Planane bør etter mi meining avvisast utan vidare tidsheft. Under skal eg stutt grunngjeva dette:

•Turistbedriftene i Lom blir nesten utan unntak drevne av eigarane, -som bur i bygda heile året og betaler skatt her. Eventuelle overskot blir pløgde attende i bedrifta og nytta til forbetringar av produktet. Dette tener alle og skapar tette band mellom folket i bygda.

•Berg vil investere 1500 millionar i anlegget. Desse pengane må skaffast utanfrå, og investorane vil forvente ei god forrentning, på t.d. 6%.  90 -100 millionar av omsetninga må altså fyrst hentast ut frå Lom og overførast til lågskatteland.

•Turistbedriftene i Lom er ofte bygde opp gjennom generasjonar og tilpassa lokale tilhøve der ein har lagt vekt på lende rundt,  tradisjonar, og, ikkje minst, tilhøve til grannar og grend.

•I Bergs plan  må naturen og bygda tilpassast alpinløypene, dei store naturinngrepa blir dominerande i det vakre Bøverdalslandskapet.

•Dagens Sommarskisenter er bygd gradvis opp sia 1986 og tilpassa etterspørsel i marknaden og ofte ekstreme naturtilhøve. Per og Anne Vole sit på ein grunnleggjande kompetanse om kva som skal til for å drive turisme under så vanskelege tilhøve, og denne kunnskapen er førd vidare til den nye generasjonen som nå har teke over.

I dei marginale skuldersesongane vår og haust har skifolket frå Sommarskisenteret vore eit avgjerande gode også for mange andre turistbedrifter i Bøverdalen og Lom.

•I Bergs plan ligg nye hotell og hyttebyar.

•Lom Kommune vedtok for nokre år sia å arbeide for å redusere utsleppa av klimagassar.

•Innbakt i Bergs plan ligg enorme, nye utslepp, både i anleggsfasen og i driftsfasen.

•Bøverdalen høyrer med blant dei tørraste strøk i landet vårt. Sjølv om nedbørsmengda aukar med høgd over havet fører sterk vind til pakking av snøen i reiner og berr blokkmark i stor-parten av vigga som er trekt inn. Å ha snø nok over heile dette området må derfor krevja ein stor bruk av energihungrige snøkanoner.

•Kulturlandskapet i Bøverdalen ber minne om tusenårs liv og bruk. Dersom vakker og harmonisk natur betyr noko for oss, vil Bergs nye alpinland knapt vera eit pluss.

•I randsonene av Jotunheimen Nasjonalpark ligg i dag Galdhøpiggen Sommarskisenter, Juvasshytta og Klimapark 2469 med tilrettelagde tilførselsvegar. Juvkjelen er eitt av dei mest spennande kvartærgeologiske område i landet vårt, og har vore mykje brukt til feltområde og læreland. Det er ingen grunn til å tru at bruken blir mindre med voldsome endringar i klimaet.

•Det er ingen ledig plass for Bergs endestasjon for gondolbaner.

Det er derfor ingen grunn til at Kommunestyret i Lom skal bruke tid til å vurdere Bergs planar.

Dei høver ikkje her!

Torgeir T. Garmo