Laurdag morgon, ved 6.30-tida vart det vest i Skjåk observert at det vart skote ein rev frå ein bil.

Vedkomande som såg hendinga melde frå til politiet, som naturleg nok er interessert i opplysningar i saka.

Politiet rettar ein åtvarande peikefinger mot slik åtferd.

– Her er det prat om folk som har køyrt rundt med ladd våpen. Både det, og det faktum at det vart skote frå bilen, fortel at dette er noko som strir mot alle våpen- og jaktreglar. Det er strengt forbode, og dette er ei sak vi gjerne skulle visst meir om, seier Jonny Gundersen hjå politiet i Ottadalen.