Lomspolitikarane fekk presentert ei skisse for korleis Berg ser for seg Nord-Europas største alpinanlegg, som ved ei full utbygging vil innehalde fleire gondolbaner og nær 15 kilometer med nedfartsløyper.

Anlegget vil få ein høgdeskilnad på nær 1.700 meter og installasjonen vil vera meir enn dobbelt så lang og dobbelt så høg som den største i Nord-Europa. Det vil bli høgare og lenger enn Hemsedalsfjellet lagt oppå Hafjell, og står ein på toppen av Trysilfjellet vil det enda vera att 1.000 høgdemeter før ein når opp til eit eventuelt anlegg i Bøverdalen.

Per Tore Berg, som til dagleg arbeider som advokat, gjekk gjennom skissa for anlegget. Han understreka at vegen fram er lang. Det er mange utfordringar som må løysast og mange som skal høyrast; grunneigarar og styresmakter for å nemne eit par.

Dei spenstige planane fekk eit par umiddelbare kommentarar frå Anne-Lise Marstein (Ap) og Kristian Frisvold (Bygdalista).

– Eg er, som i 2005, skeptisk til slike planar. Fyrst og fremst utifrå eit klimaperspektiv. Lom og Bøverdalen må ikkje bli nokon blåkopi av andre alpindestinasjonar og vi må tenke på miljøet. Lom må vera annleis, sa Marstein.

– Det er bra det skjer noko. Skal vi overleva må vi gjera noko. Folka med raud anorakk som Marstein referer til køyrer bil dei òg, sa Frisvold.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø uttrykte at han i utgangspunktet var positiv, og han håpa Berg vil gå vidare med prosjektet.

Det vart ikkje nemnt nokon prislapp, eller kven som eventuelt blir med på spleiselaget. Det står att mange avklaringar før ein kjem så langt.