– Det er tydeleg ein ny trend for å omgå kabotasjereglane, det å køyre varebil, seier Jonny Gundersen ved Ottadalen lensmannskontor.

Les om kabotasje på sidene til Norges lastebileier-forbund.

Ein varebil under 3,5 tonn kan køyrast med vanleg personbilførarkort, og sjåføren unngår dermed krav om yrkessjåførkompetanse, løyvekrav, hastigheitsbegrensingar og ikkje minst køyre- og kviletidsbestemmelsar.

– I dette tilfellet hadde bilen ei overvekt på 23,4 prosent, fortel Gundersen. Opprinneleg hadde det vore ein minibuss, men han var ombygt til varebil. Bilen var norskregistrert, men er eigd av ein litauer heimemøyrande på Søre Sunnmøre, seier Gundersen.

Denne type transport tykkjer ikkje politiet noko om, og sjåføren, viss han kjem inn i landet att - blir presentert ei bot på 6.000 kroner for tildraginga.

Fredag måtte politiet eskortere eit polsk vogntog, som var usedvanleg dårleg skodd, oppover Ottadalen til Lom. Der fekk han kjøpt eit par kjettingar før ferda gjekk vidare over fjellet til Stryn, Hornindal og Stranda.

– Det er faktisk ikkje krav om å ha dekk merka M+S, mud and snow, før 15. november. Det er likevel sjølvsagt sjåføren sitt ansvar å ha kjettingar. Dei kjettingane denne sjåføren hadde var så skrøpelege at han fekk ikkje køyre vidare før han kjøpte eit par nye, fortel Jonny Gundersen.