Konstituert rådmann Jan Egil Fossmo har kalla året som kjem for «omstillingane sitt år» for Vågå kommune.

Rådmannen hadde lagt på bordet eit forslag til budsjett og økomomiplan som han har skildra som det mest krevjande i si tid i kommunen.

– Med så stramme økonomiske ramar som Vågå kommune har, vil ei omprioritering til nye oppgåver bety at noko av det ein gjer i dag må reduserast eller avviklast. Ein nødvendig reduksjon i tenesteytinga vil bli merkbar i heile organisasjonen. Aktivitetane i kommunen må tilpassast dei inntektene vi har å rutte med. Slik som stoda er nå er desse ikkje i samsvar. Det betyr ein nødvendig reduksjon i årsverk, skreiv Fossmo i si innleiing til økonomiplan.

I forslaget låg det inne kutt av fleire stillingar. Bemanning på kjøkenet på Vågåheimen, reduserte stillingar i barnehage, ei stilling på teknisk sektor, reduksjon av deling- og assistenttimar i skulen, redusert bemanning tildelingskontor. Medan politikarane gjekk til gruppemøter før røysting av dei forskjellige forslaga frå partia, fortalde Fossmo at det i hans forslag ligg inne reduksjon av 15-18 stillingar.

– Av dette utgjer det 4-5 faste stillingar, sa Fossmo.

Under debatten var ikkje det dramatiske kuttet av stillingar tema rundt det politiske bordet.

Det var ikkje før debatten var over og ordføraren skulle over på røysting av dei forskjellige forslaga frå partia, at stillingskutta vart nemnt.

– Med rådmannen sitt forslag, må vi omstille og gjere grep. Vi veit kommunen må gjennom kutt i bemanning. Eg har medkjensle med dei som står i dette og mistar jobben sin. Det er ikkje lett å leggje eit budsjett. Vi er nøydde til å ta grep, sa ordførar Iselin Jonassen.

Kulturskule var eit tema som politikarane i formannskapet spela på under debatten av budsjett og økonomiplan.

Både Svein Blankenborg frå Bygdalista og Egil Barhaugen frå Ap viste til at lag og organisasjonar i bygda i dag driv med kurs og opplæring til barn og unge. Bygdalista kom med forslag om å omorganisere kulturskulen i Vågå ved å gå i dialog med lag og foreiningar for å lage avtalar for tilbod om opplæring og aktivitetar, samt finne eit system der til dømes rektor frå ein av skulane er ansvarleg for å sikre at aktiviteten er innanfor dei krava kommunen har stilt. – Fordelane ved å omorganisere på denne måten vil vere at ein brukar mindre administrative ressursar i kommunen, og at dei unge kjem direkte i kontakt med lag og foreiningar. Ei slik ordning vil vere til nytte for alle og i sum styrke kulturlivet i Vågå, sa Blankenborg.

– Forslaget om at dette skal utgreiast våren 2018, vart vedteke.

Ap meinte også at ein må ta initiativ til eit samarbeid med andre kommunar for å samordne aktiviteten og redusere kostnaden.

Elles vart det gjort samrøystes vedtak om å flytte forprosjekt svømmehall frå 2019 til 2018, behalde leirskuleopphaldet på Maurvangen og å oppretthalde felles lærlingkontor.

Formannskapet gjekk også samrøystes inn for å behalde minstefrådraget på eigedomsskatt.

Arbeidarpartiet sitt forslag om ikkje å redusere tilbod til barn og unge på helsestasjon, vart vedteke med 4 mot 3 røyster. Dei fekk også fleirtal for ny organisering med felles rektor på Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule, samordne vaktmeisterteam.

Formannskapet samla seg også kring eit forslag frå Ap om å fjerne ladestasjon for el-bilar.

Rådmannen hadde i sitt forslag lagt inn 12 millionar kroner til forprosjekt av helseprosjektet med bygging av ny Vågåheim. Ap halverte dette beløpet, men eit fleirtal frå Sp og Bygdalista sikre fleirtal for rådmannen sitt forslag.

Tysdag var siste dagen i rådmannstolen for Jan Egil Fossmo. Han fekk varme og blomar som takk frå ordføraren. Onsdag tek Knut Helge Rønning plass i stolen som ny rådmann i Vågå kommune.

Ordførar Iselin Jonassen med nye og gamle rådmann. Knut Helge Rønning og Jan Egil Fossmo. Foto: ARVE DANIELSEN