I helga var Senterungdommen samla til Landsmøte i Tønsberg. Over 200 ungdomar frå heile landet var samla, 18 av dei var frå Oppland - tre av dei att var ottadølar; Elise Forberg (Skjåk), Tor Espen S. Ovesen (Lom) og Marit Sletten (Lom).

Fredag stod generaldebatt på programmet, og alle kunne teikne seg for innlegg og prate om det ein hadde på hjarta.

Tor Espen S. Ovesen (16) heldt eit innlegg om det heildekkande plagget niqab. Tor Espen viste til mange aspekt ved niqab, også dei meir utfordrande sidene med plagget. Til slutt  konkluderte han med at dette er ei vanskeleg sak og at ein må finne ei løysinga som tek i vare alle.  Han framførte innlegget på ein roleg og tydeleg måte, og hausta stor applaus.

Laurdag kveld var alle delegatane og observatørane samla til festmiddag, og i løpet av kvelden vart det også utdelt fleire ulike prisar. Frå Oppland fekk to av delegatane pris. Tor Espen fekk prisen «Talerstoltalent» for innlegget sitt og framføringa av det.

- Det var jælma artigt og svært inspirerande å få pris. Eg ser fram til å forhåpentlegvis kunne skrive og halde fleire gode innlegg, sa Tor Espen etterpå.

Fylkesleiar i Oppland Senterungdom, Marit Sletten, er svært stolt over både Tor Espen og resten av delegasjonen som var med på møtet.

- Tor Espen fekk ein velfortent pris. Å skulle halde innlegg for 200, på landsmøte for fyrste gong, kan vera ganske så nervepirrande for mange. Tor Espen såg ut som han hadde gjort dette 100 gonger før. Han inspirerer og føyer seg inn i flokken av flinke folk frå Oppland, seier Sletten.

Sjølv fekk Marit tildelt «Årets smil» for alltid å vise godt humør på talarstolen når ho legg fram tankar, og for elles å vera triveleg og imøtekomande.

- Det er sjølvsagt stas å få merksemd. Vi er eit godt lag fordi alle får lov til å vera seg sjølv og får både tillit, støtte og ros for det, seier Marit.

Elise Forberg (17) var på landsmøte for andre år på rad. Ho er einig med Marit i at det er fint å vera med i ungdomspartiet:

- Det er utruleg morosamt å få vera med i ein organisasjon der ein både får lufta idear, diskutert ulike politiske saker og får erfaring med organisasjonsarbeid. Og ikkje minst treffer så mange trivelege folk, seier ho.