Utbetringa av krysset mellom riksveg 15 og fylkesveg 51 ved Randen, er med i handlingsprogrammet for riksvegar 2018 – 2023. Utbetring av Randen er prioritert med ei rame på 26 millionar kroner og oppstart i 2021.

Torbjørn Moastuen i Statens vegvesen fortel at dei nå ser på ei justert løysing av krysset, noko som betyr at den godkjende reguleringsplanen frå 2013 må endrast.

Statens vegvesen har sett på krysset i Randen på nytt gjennom eit forprosjekt.

Dette forprosjektet har hatt som mål å finne ei løysing med lågare kostnad utan at dette går ut over trafikktryggleik og framkomst. Moastuen seier at løysinga ein ser på er å flytte krysset cirka 80 meter austover. Krysset er eit T-kryss.

– Denne løysinga gjer at ein unngår mykje utfylling i Vågåvatnet. Faktisk blir utfyllinga halvert, seier Moastuen. I tal vil utfyllinga blir redusert frå cirka 60.000 kubikk  til 25-30.000 kubikk fjellmasse.

Moastuen fortel at ein har fått lovnad på gratis masse frå utbygginga av Nedre Otta.

– Sjølv med lang transport er dette eit billigare alternativ enn tidlegare løysing med uttak i Kvithåmåren, seier han.

Den godkjende reguleringsplanen må endrast og det blir køyrt full planrunde. Målet er å få godkjent ny reguleringsplan i løpet av 2018.

– Vi vil varsle ein formell oppstart av arbeidet med reguleringsplan i månadsskiftet november/desember, seier Moastuen.