Kva er mest spennande med Skjåk?

– Eg tykkjer bygda er fin, og eg er tilfreds med det meste.

Manglar Skjåk noko?

– Nei ... eg kjem ikkje på noko.

Kva brukar du mest tid på?

– Data for det meste. Det kjem litt an på, men eg spelar ein del online. Somme gonger med kompisar, andre gonger i større rom. Eg ser òg ein del speling på Youtube.

Når kan ein definere ein person som gamal?

– Nja, i 70-årom tek ein vel til å bli gamal.

Kva vil du bli?

– Eg har lyst til å ta over garden vår i Bråtå, Rustad. Eg har odel på den.

Kva er det beste med å vera ung?

– Kanskje det å ha så mykje fritid. Jau, eg trur det må vera det - å ha fri og vera fri.

Kva er det verste med å vera ung?

– Å ikkje kunne køyre bil og traktor, men eg skjønar det at ein må ha erfaring og slikt, og at ein ikkje berre kan gjera det.

Kva er du redd?

– Eg er ikkje redd noko, og ikkje hugsar eg spesielt på ting heller.

Kva engasjerer deg?

– Landbrukspolitikken kanskje. At gardbrukarane må få att litt meir for det dei driv med, og at det blir lagt ned for mange gardar. I Bråtå trur eg for eksempel det berre er tre som driv med mjølkeproduksjon.

Kva må til for at unge skal lesa avis på papir?

– At det er kjentfolk i avisa, eller at det er noko om skulen. Eg les avisa ein gong i blant sjølv, når eg ikkje har noko anna å gjera.

Blir du verande i Skjåk?

– Ja, eg vil vera her og ta over garden.

Kva er favorittappen på mobilen?

Youtube, eg brukar ikkje så mykje anna.

Kva gjer deg trist?

– Ikkje noko spesielt som eg kjem på nå.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjera da?

– Det trur eg ville vore vanskeleg. Det å gjera seg kjent med budsjett, kva ein må kutte og slikt. Viss eg ikkje skulle tenkt på det, måtte eg gjort noko til det betre for landbruket.

Korleis er dagens ungdom, samanlikna med da foreldra dine var unge?

– Vi har det vel på ein måte betre, vi har meir skilling. Samstundes kan det vera eit minus - vi kan bli bortskjemte.

Kva er din største draum?

– Det er å ta over garden det.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Damer kanskje. Men det er andre ting òg, men det vil eg ikkje prate om ...

Kor ofte sjekkar du mobiltelefonen?

– Det gjer eg kanskje 30 gonger om dagen. Berre sjekkar for å sjå om det har kome ei melding eller anna.

Tre ord om deg sjølv.

– Snill, roleg ...

Kanskje beskjeden?

– Ja, eg tenkte faktisk på å seia det.

Kva er det viktigaste i livet?

– For meg blir det å få ein familie og leva bra nok. Treng ikkje ha ting heilt på toppen, men ha det ein treng for å leva eit godt liv. Ein treng ikkje ha alt av ting og slikt.