Lom kommune ser føre seg å bruke delar av Prestegardsjordet til utvidinga, ei om lag to dekar stor stripe i retning mot ungdomsskulen. I tillegg ligg det føre planar om å bruke andre delar av Prestegardsjordet til parkering og bussterminal.

Andre trussamfunn

Kyrkjeverje Borghild Skarelven fortel at det må leggjast til rette for andre trussamfunn.

– I dag har vi nye landsmenn som bur i Lom. Da er det vår plikt å leggje tilhøva til rette, helst som ei eiga «avdeling» som skil seg litt frå andre graver på kyrkjegarden. Det er mellom anna fordi muslimar, som eit døme, skal liggje i ei anna retning. Det tek til å bli fullt inne på kyrkjegarden, og derfor vil vi vera ute i god tid. Å opparbeide nye gravplassar er gjerne noko som vil ta ei stund, seier Skarelven.

Jordvern

Fylkesmannen har varsla motsegn når det gjeld utvidingsplanane. Fylkesmannen skriv til Lom kommune at ein må kunne sjå på andre alternativ rundt kyrkja.

– Eller eventuelt vurdere ein gravplass på eit heilt anna område. Ein må òg sjå på kva ein kan gjera for å redusere arealbehovet, til dømes ved å auke talet med urnegraver i høve til kistegraver. Kommunedelplanen legg opp til eit betydeleg forbruk av dyrka jord gjennom å leggje ut dyrka mark til andre arealføremål. Fylkesmannen meiner at dette ikkje er i tråd med nasjonal jordvernstrategi, og har motsegn til at delar av prestegardsjordet blir lagt ut til parkering, bussterminal og utviding av kyrkjegarden, heiter det i høyringsuttalen frå Fylkesmannen.

Bort frå kyrkja?

Å utvide gravplassen mot nord er ikkje mogleg, meiner Lom kommune, og peikar på at det vil vera i strid med godkjenning av Lom vassverk.

Å sjå på andre alternativ enn rundt kyrkja, blir ikkje møtt med begeistring frå kyrkjeverje Borghild Skarelven.

– Det er ikkje spesielt praktisk å vera nøydd til å frakte kista etter gravferder. Det handlar om respekt òg. Trafikken kan vera ganske så hektisk i Lom, og gravfølgje kan risikere å bli ståande i kø. Det blir ikkje så verdig, tykkjer Skarelven, som er spent på kva kommune, fylkeskommune, riksantikvar og andre instansar blir samde om og landar på til slutt.