– Dette oppdraget er ei stor ære for oss, og det vil bli ei stor oppleving. Dette er rett og slett ein kuriositet, seier dagleg leiar Leif Skiaker i familiebedrifta Breheimen Mat i Skjåk.

I mai reiser han til Hellas for å delta på Det internasjonale skiforbundet (FIS) sin store skikongress med eit tusentals personar til stades. Det er på denne kongressen at mellom anna ski-VM for 2022/2023 skal tildelast arrangørar som har søkt.

Vikersund har søkt om å få arrangere skiflygings-VM i 2022, og det er på standen deira at Breheimen Mat skal stå under den store FIS-kongressen.

– Her skal Vikersund presentere konseptet sitt, og vi vil ha med oss spekemat som vi serverer, med fokus på elg og rein. Vi vil også ha med oss ei digital fotoramme der vi syner fram eit utval bilde, både frå skjåknaturen og frå produksjonen av maten vår, seier Leif Skiaker, som meiner ei slik type marnadsføring er gull verd.

– Det er artig at vi kan vise fram at vi er brukt i slike store samanhenger som VM.

I vår selde skjåkbedrifta mat til dei bortimot 30.000 besøkande i skiflygings-VM i Vikersund, da dei hadde ansvaret for all matservering til publikum.