– Eg vart ganske overraska. Påmeldingane kom som eit resultat av at eg skreiv litt om det i sosiale media. På somme kurs er det faktisk lange ventelister, fortel Kristin.

Utdanna

Kristin Lund er utdanna yogalærar, truleg den yngste i heile landet. Interessa for yoga fekk ho medan ho gjekk vidaregåande skule på Lillehammer.

– Eg vart med på ein yogatime på eit treningssenter, og vart fascinert med ein gong. Etter vidaregåande søkte eg meg til ein folkehøgskule på Levanger, som hadde yogaline. Deretter vart det Oslo og yogalærarutdanning. Eg har ikkje angra ein dag, seier Kristin, som slår fast at yoga gjer godt både fysisk og psykisk.

Alle musklar

Ved hjelp av yoga får ein strekt på alle musklar ein har i kroppen, ikkje berre dei ein vanlegvis brukar. Ein lærer pusteteknikk, lærer å slappe av og får gjerne sove mykje betre.

– Det er ikkje berre noko eg seier. Det er gjort mykje forsking på yoga, blant anna når det gjeld fibromyalgi. Yoga er godt for mykje, og så langt, berre etter stutt tid med kurs, har folk allereie meldt at dei kjenner seg betre. Lettare, liksom – både i kropp og sinn. Ingenting gler meg meir, for det er det er nettopp det som er drivkrafta mi: Å hjelpe folk, få dei til å føle seg betre, seier Kristin.

Fleire kurs

– Kva er framtidsplanane dine?

– Fleire kurs, tenkjer eg, men eg vil ikkje starte for hardt. Eg har òg tenkt å gjera det mogleg for bedrifter, klubbar, grupper eller familiar å kjøpe seg yogatimar. Mange bedrifter slit med sjukmeldingar, kanskje spesielt dei som driv med fysisk arbeid, som er stive og støle i musklar, skuldre, vondt i hodet, slike ting. Da kan yoga hjelpe. Kanskje vil eg òg invitere til «drop-in-yoga», men det må eg tenkje på.

– Somme av øvingane ser svært vanskelege ut?

– Det er sjølvsagt ikkje slik at ein startar med det «verste» på yogakurs. Ein må ta det steg for steg, men eg kan forstå at folk kvir seg. Det er nok den største «bøygen», det – å koma til den fyrste timen. Men så fort folk gjer det, så angrar dei ikkje. Det er mi erfaring, svarar Kristin.