Med 170 påmelde, er festivalen fullbooka

Skifestivalen verkar å vera ein suksess, ein kunne selt fleire festivalpass - men det er fullt.

Det blir fortalt at fleire av overnattingsstadene i Lom har fullt belegg og at folk har teke turen til Lom frå nær sagt heile landet.

Nå lovar ikkje vêrvarslinga dei beste tilhøva i høgfjellet i helga, men det er planlagt fleire guida skiturar både fredag og laurdag.

Festivalen byr elles på eit variert program innomhus, med ulike foredrag og foto- og filmframsyningar.

Fredag kveld kan ein faktisk by på foredrag om spretthalar (!) og Galdhøpiggrennet. Laurdag er det skiglede ved Henriette Bjørge, Sondre Loftsgarden og Karl Kristian Muggerud på programmet.

Det er Norsk Fjellsenter som arrangerer Lom Skifestival.