Laurdag kveld gjekk Reidun Kvåle seg fast og bort i skodda på Sognefjellet. Ho er enormt takksam for dei som hjalp henne og hunden Izzie ned att frå fjellet.

Ho skulle berre rusle seg ein liten, enkel tur laurdag ettermiddag.

– Ingvard, mannen min, og eg var på hytta på Bøvertjønnen. Ingvard fekk feber. Derfor tenkte eg at eg skulle ta meg ein liten skitur sjølv, frå Sognefjellshytta. Ettersom eg berre skulle gå ein liten tur, hadde eg nesten ingenting i sekken: Vatn, sjokolade og hundegodteri. Etter stutt tid møtte eg Syver Ole Eggen. Eg tenkte eg skulle følgje spora hans. Etter nokre kilometer vart det skodde og litt vind, og eg fann ut at eg skulle snu og følgje spora attende. Det var vanskeleg. Eg fann ikkje att sporet. Eg vart ikkje redd, tenkte at dette skal gå bra. Eg gjekk det eg meinte var i rett retning, men plutseleg kom eg til ein skrent der det var kjempebratt. Eg tykte eg såg eit vatn langt der nede, og tenkte at dette vatnet har eg da ikkje sett før. Eg skjønte eg hadde gått i feil retning, og bestemde meg for å gå oppover, i håp om å skjøne kvar eg var. Medan eg gjekk, tok det til å bli mørkt. Eg forstod at dette ikkje kom til å gå. Eg hadde ikkje signal på mobilen, men prøvde å ringe naudnummera likevel. Eg fekk ikkje svar. Det synte seg etterpå at dei hadde sett at eg hadde ringt, sjølv om det ikkje gjekk an å prate med meg, på grunn av manglande mobilkontakt. Eg tenkte det aller viktigaste var å koma til ein stad der eg fekk mobildekning, og i mitt hovud var det ein topp. Det synte seg seinare at eg hadde kome meg til Krosshøe. Der oppe, akkurat på ein liten flekk, fekk eg signal. Eg ringde til Ingvard, sa at eg hadde gått meg bort – og at han måtte ringe etter hjelp. Han vart redd. Det var eg òg. Eg tenkte på kor lite eg hadde i sekken. Eg bestemde meg for å halde meg i rørsle, og eg bestemde meg for å tenkje positivt.

Timane på Krosshøe vart harde for Reidun og hunden Izzie. Politiet ringde og sa ho skulle halde seg i ro.

– Da vart eg rolegare. Tenkte, ja – dei kjem til å finne meg. Eg fekk nytt håp, fortel Reidun.

Men ein ny nedtur kom. Ho høyrde helikopterdur i det fjerne. Frå politiet fekk ho beskjed om å slå på lommelykta på mobilen og vifte alt ho kunne. Det gjorde ho. Men helikopteret flaug forbi.

– Da måtte eg gråte litt. Det var tungt. Eg var så kald. Izzie var det same. Ho skolv og hakka tenner.

Politiet ringde på nytt og sa ho var observert. Hjelpemannskap var på tur, men helikopteret kunne ikkje lande der. Det var derfor dei hadde floge forbi.

– Tida var lang, og eg må vedgå at eg var redd. Cirka klokka åtte om kvelden høyrde eg snøskuteren. Eg trur aldri eg har vore så glad. Det var Ove Nestvold og Ola Vaagaasarøygard som kom. Eg kasta meg rundt halsen på dei og takka dei. Eg sa: «Gudsjelov at de kom!». Dei hadde med seg dunbukse, dunjakke og skikkelege vottar, dei kledde på meg frå topp til tå. Pakka meg inn. Og dei køyrde meg til Sognefjellshytta. Der venta det eit apparat utan like: Hjelpekorpset, norske redningshundar, politi, ambulanse. Eg tenkte herregud for eit drama eg har sett i stand! Men det var ingen sure miner. Tvert om. Dei var glade. Eg sa eg var lei meg for det eg hadde forårsaka. Men neida, sa dei – dei tykte det var berre var fint å hjelpe andre. Akkurat det same sa Ove og Ola da dei fann meg. Eg vil gjerne takke alle dei gode folka vi har, alle dei som gjer ein friviljug innsats for å redde og hjelpe folk i naud. Eg tykkjer det er heilt fantastisk og eg kan ikkje få takka dei nok. Eg skulle gjerne få takka kvar og ein av dei som bidrog, men eg håpar dei leser det i Fjuken. Tusen takk alle saman, seier ei rørt Reidun Kvåle.