Ny veg i Bismo

Ny tilkomstveg i industriområdet i Bismo.

Ny veg: Det er opna ein ny veg i industriområdet i Bismo.Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

I samband med utvidinga av Glasopor, og flytting av miljøstasjonen i Skjåk, er ein veg lagt om i industriområdet i Bismo.

Den nye innkøyringsvegen til bedrifta Interfil går nå inn nord for miljøstasjonen og nedover til Interfil.

Mellom Industrivegen og Skamsarvegen er det gang- og sykkelveg. Denne er det naturlegvis ikkje tillat å køyre på.