Tysdag kveld presenterte klubben, og representantar for Norsk skytterforbund, planar for eit innandørs anlegg i «snikkeriet» i Bismo. Industrilokala er nyleg overteke av Interfil, og både ein hall og fleire rom er stilt til disposisjon for klubben.

Skjåk Pistolklubb er tilslutta Norges skytterforbund og Norges idrettsforbund, og representantar for fyrstnemnde sa på møtet tysdag at hallen i «snikkeriet» har stort potensiale.

– Anlegget her har alle moglegheiter, både for skyting på 25 meter og 10 meter luftskyting, sa Paul Otto Vatne i skytterforbundet.

Idrettskonsulent Helene Rønningen og klubbutviklar Wenche Horten, i same forbund, greidde ut om alle fordelar ein sportsskyttarklubb har.

– Her kan ein vera med frå ein er åtte år til ein er 90, sa Horten, som også la vekt på det sosiale aspektet kring ein skyttarklubb.

Ein kom òg inn på at lokaliseringa av eit skyteanlegg i Bismo, vil kunne gjeva moglegeheiter for til dømes skyting som valfag i skulen.

Eit anna moment med å ha eit eige anlegg i Bismo, er at klubben kan ta imot andre klubbar, og at det kan arrangerast stemne.

– Vi har svært aktive klubbar både nord og vest for oss, desse etterlyser ein stad å møtast midt imellom, sa leiar for pistolklubben, Lars Kurt Haugen.

Ordførar Elias Sperstad var òg til stades på møtet for å høyre om planane og moglegheitene rundt eit innandørs skyteanlegg i Bismo.

– Dette er svært spennande, og eg trudde ikkje at denne sporten er så inkluderande som det blir fortalt om her. Dette kan bli eit anlegg for alle, ikkje berre ein gjeng karar som står og skyt, sa Sperstad.

Klubben har søkt økonomisk støtte til den planlagde bana, og Sperstad sa at han vil ha eit møte med styret i klubben for å sjå korleis dette skal takast vidare.

Ein kom på møtet òg inn på at Skjåk står utan leirduebane, og det blir sett på eit område i Botn, der det allereie er ein aktivitetspark, for leirdueskyting - og utandørs pistolskyting.

– Med så mange jegerar i bygda, er det klart at vi må ha ei godkjent leirduebane, sa Kristen H. Dagsgard som representerte Skjåk jeger og fisk.

Desse planane ligg likevel litt fram i tid, samanlikna med skytebana på «snikkeriet».