Venås søkjer om fritak frå alle sine politiske verv med umiddelbar verknad.

– Dette med bakgrunn i spesielt dei siste månader med stadig flytting av møter, eller oppretting av møter utanfor møteplan, som er særs respektlaust, frustrerande, demotiverande og lite føreseieleg, skriv Venås i søknaden.

Venås skriv at dette ikkje er foreineleg med sin arbeids- og familiesituasjon, då han er avhengig av lengre planlegging enn ei veke. Han arbeider i forsvaret.

Ørjan Venås viser til at ein i forsvaret opererer med arbeidsplanar som kjem ut 14 dagar før og vaktlister som kjem ut halvanna månad før.

Han skriv at han byggjer opp eit eige firma, og er leiar i skredgruppa Innlandet, der ein har ein del øvingar og samlingar.

– All denne aktiviteten har eg bygd opp rundt møteplanen der dei politiske møta har hatt prioritet, og når den blir forandra får det konsekvensar for fleire enn meg. Difor ser eg ingen anna moglegheit enn å søkje permisjon, sjølv om eg synest det er synd, skriv Ørjan Venås.

Venås representerer Senterpartiet, og er vara til kommunestyret og fast medlem i hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning.