Vertskapet på Kalven seter ved Lemonsjøen i Vågå har hatt stor suksess med påskeeggteljing. I påska 2017 deltok 185 ungar i denne konkurransen.

Nå har Anne Mari Sandvær og Øistein Formo klar ein ny konkurranse som det ikkje finst maken til. Julepakketeljing. Med seg på laget har dei vertskapet på Lemonsjøen fjellstue og hytter.

Om sundagen blir det familiedag ved Lemonsjøen. Medan dei vaksne er på julemarknad på Kalven, blir det aktivitet for ungar med julepakketeljing. Da kan alle under 15 år melde seg på konkurransen om å telje julepakker. Både ute og inne, høgt og lågt.

Idémakar Øistein Formo fortel at det skal vere gratis å delta, og alle som deltek vil få ein liten premie.

Dei som finn alle julepakkene som er gøymt på Kalven seter og har det rette talet over kor mange pakker det er,  vil vinne fine premiar.

– Kva skjer om det er fleire som reknar like mange julepakker?

– Da er det den yngste som vinn, seier Øistein Formo.

Han håpar mange tek turen til Lemonsjøen denne dagen for å delta i konkurransen. Formo lovar at dette skal bli både spennande og artig.

I år er det femte gongen at julemarknaden på Kalven seter blir arrangert.