– Vi såg at det vart lyst ut midlar i fylkeskommunen, gjennom næringsfondet «Grøn framtid» og såg da ei moglegheit til å søke. Vi har tenkt på dette lenge. Det er viktig å tenkje på miljøet, og vi kan mellom anna gjera det på denne måten, seier Grindvold.

Dei har nå, som ein av sju søkjarar fått positivt svar frå Oppland fylkeskommune, fått tildelt nær 150.000 kroner til eit forprosjekt for å undersøke moglegheitene for, og kostnadane ved, å byggje om ei dieseldreven beltevogn til el-drift. Ein vil redusere både utslepp og støy ved å køyre elektrisk. Beltevognene blir nytta til å transportere turistar, bagasje og forsyningar innover Leirdalen.

– Det er eit firma som nå undersøkjer om dette er praktisk mogleg. Er det det, vil vi gå inn i ein ny søknadsprosess for å realisere det heile, fortel Grindvold.

Utgreiingsprosessen meiner Grindvold bør vera langt komen til jul, og han har eit håp om at ein kan køyre elektrisk allereie komande vintersesong.

– Det er likevel ein del formalitetar som står att, mellom anna med vegstyresmaktene, men vi håpar at ting let seg løyse, seier han.

Ole Jacob Grindvold seier elles at dette i høgste grad er eit pilotprosjekt, men at andre vil fylgje etter dersom ein lykkast i Leirvassbu.

Fakta «Grøn framtid»

• 35 millionar kroner i potten i 2017 til gørne idear og berekraftig næringsutvikling.

• Intensjonen er å fylle på med nye 15 millionar kvart år i tre år.

• Enkeltpersonar og private verksemder kan søke.

• Midlar som ikkje blir fordelt i år, blir overført til neste år.

• Fire søknadsfristar i året. Den neste er 31. desember.