Da Coop Skeimo fusjonerte med Coop Innlandet i 2016, vart det sett av 300.000 kroner til born og unge i bygda.

Born og unge, eller vaksne som arbeider med born og unge, vart oppmoda til å søkje om prosjektmidlar.

– Søknadene rann inn, fortel ein nøgd butikksjef Øyvind Tengesdal.

Det er ei arbeidsgruppe, sett ned av styret i Coop Skeimo, som har behandla søknadene – og avgjort kven som får pengar denne gongen. Det er att meir pengar på fondet, og det vil derfor bli to utdelingar til.

Siri Høsteng-Haugen, leiar i arbeidsgruppa, offentleggjorde dei tre stipendvinnarane: Skyttar Anders Haugen fekk 20.000 kroner, Skjåk Hestlag fekk 13.000 kroner og NMK Skjåk fekk 50.000 kroner.

– Skyttar Anders Haugen har trent iherdig og mykje i mange år – og det har gjeve resultat. Skyting er ein krevjande idrett med små marginar og hard konkurranse, og det er svært gledeleg at eit lokalt talent hevdar seg heilt i toppen i konkurranse med skyttarar frå heile landet. Det er ein ressurskrevjande idrett, og godt utstyr er naudsynt for å konkurrere på toppnivå. Det er gledeleg at Skeimo-fondet kan gje eit bidrag til vidare satsing, sa Høsteng-Haugen.

Skjåk Hestlag har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Hestesporten er ein idrett som samlar mange born og ungdom fleire gonger i veka, og er ein viktig arena for utvikling, meistring og sosial trivsel. Skjåk Hestlag har planar om å utvide tilbodet ytterlegare.

– Det er med store glede at Skeimo-fondet kan bidra til dette, ved kjøp av voltigegjord og bukk. For dei som er like uvitande som meg, er voltige ei grein innanfor hestesporten som enkelt fortalt er turn til musikk på hesteryggen, sa Høsteng-Haugen.

NMK Skjåk har lagt ned utallige dugnadstimar og har gjort ein solid jobb for å finansiere og realisere motorsportanlegget Skjåk Aktivitetspark. Hovudfokus har alltid vore born og ungdom, samt å vera eit alternativ til dei som fell utanom anna organisert idrett. Også NMK Skjåk ynskjer å utvide tibodet.

– Pengane frå Skeimo-fondet skal brukast til bygging av ein knattecrossbane. Dette er ei mindre og mildare motocrossbane for dei aller yngste, opplyste Høsteng-Haugen.