Avhøyr av dei tilsette har pågått fram til nå, denne veka. Det som står att, er eit avsluttande arbeid før saka blir sendt til påtalemessig vurdering ved politikammeret på Lillehammer.

Etter det Fjuken forstår, er ikkje politiet nær ei løysing slik saka står nå.

– Dersom einkvan har opplysningar i saka, som ikkje har kome fram, er det viktig å ta kontakt med politiet så fort som råd, før vi sender saka til Lillehammer, oppmodar lensmann Tor Trønnes.