Som tidlegare kjent skal Skjåk kommune selja Nordberg skule. Den nye storskulen i Bismo skal stå ferdig og takast i bruk hausten 2018, og det er såleis ikkje bruk for Nordberg skule etter den tid.

Bodfristen går ut 30. november. Saksbehandlar Ove Jon Plassen ved teknisk kontor i Skjåk fortel at det kom telefonar same dag som Nordberg skule vart annonsert.

– Så langt har vi fått ti bod, det høgste bodet er på 300.000 kroner. Eg har førebels ikkje fått sett meg inn i kva planar dei ulike bodgjevarane har med skulebygget, men eg kan nemne at somme ser føre seg å bruke skulen til kursverksemd innanfor naturbruk, guiding og liknande.

– Er du overraska over interessa?

– Ja, svært overraska. Det er lenge til bodfristen. Vi kjem truleg til å leggje opp til ei felles synfaring for dei som har gjeve bod, eller tenkjer å gjera det, men det må vi koma attende til, seier Plassen, som fortel at det så langt «berre» er utanbygdes som har gjeve bod på skulen. Ingen bodgjevar er lokal.

Ove Jon Plassen slår fast at det ikkje er noko automatikk i at det er den eller dei med det høgste bodet som får kjøpe skulen.

– Det blir den med det beste prosjektet, dei beste ideane, seier han.