av Hans Andreas Solbakken

I 2014 oppretta Morten Guldvik og Egil Håvard Moen frå Skjåk, selskapet Skagstindgruppen AS, med mål om å nytte seg av de erfaringane dei to hadde i lag frå festivalar og andre event og forsøke å skape noko.

80 millionar

Og no, litt over tre år seinare omset selskapa som Skagstindgruppen har eierskap i for om lag 80 millionar og dei har om lag 40 årsverk.

– Vi har gått fra kring 2-3 millionar i omsetning i 2014 til at vi havnar på mellom 75-80 millionar no i 2017, seier Morten Guldvik som er dagleg leiar i Skagstind.

Oslos lengste bar

I september utvida Skagstindgruppen sitt eigarskap på Vulkan, då dei kjøpte seg inn i Oslos lengste bar, Smelteverket. Og den kjem i godt selskap.

Fotball og country

I tillegg til nyerverva Smelteverket, driftar no Skagstind fotballpuben Pokalen, serveringsstaden Torget i sjølve Mathallen og konsert-, konferanse- og eventarenaen Vulkan Arena. I tillegg har Skagstind ansvar for markedsføringa av Mathallen og Vulkan-området, og dei har ansvar for booking og arrangement for hele Vulkan-området. I tillegg driftar Skagstind også Countryfestivalen på Vinstra.

– Vi er veldig audmjuke for å ha fått denne moglegheita og for å få lov til å arbeide med Aspelin Ramm, som har utvikla dette området, seier Guldvik.

Bror på laget

Og med fleire driftstader kjem meir arbeid. Derfor har Morten Guldvik no teke med seg broren, Daniel Gangsø, på laget. Han har også kjøpt seg inn i selskapet. Gangsø skal vere ansvarleg for booking og event for heile Skagstindgruppen men med et hovudfokus på Vulkan Arena, som har plass til 650 personar.

– Det gjeld å prøve å få ting til å skje. Og det er det eg skal arbeide med no, seier Gangsø.

Gangsø var på ein tre månaders ferie i USA, då broren kom med tilbodet om å starte i Skagstind.

– Eg hadde jo faktisk akkurat selt huset mitt i Vågå, då Morten ringde og spurte om eg ville starte å arbeide i Skagstind. Og sjølv om Morten kan vere krevjande å arbeide med til tider, så brukte eg ikkje lang tid på å seie ja, for dette ser eg på som ei stor moglegheit, seier Gangsø.

Men det var ikkje berre av familiære årsaker at Guldvik ville ha med broren på laget.

– Daniel har vist ved fleire høve at han greier å dra i gong ting og få med seg folk. Og vi ser allereie etter knapt to månader at det var riktig. For kalenderen har fylt seg opp, seier Guldvik.

Vil stabilisere

Med ein kjempevekst dei siste åra, vil Skagstind no forsøke å stabilisere seg og få det dei har til å gå skikkelig.

– Vårt neste mål no er å stabilisere det vi har, og prøve å dra 100 prosent potensiale ut av det. Vi vil vere med på den veksten som dette området har og ta dei moglegheitene som ligg i det. For dei er store nok i seg sjølv, seier Guldvik.

Guldvik og Gangsø i Oslos lengste bar, Smelteverket. Foto: Hans Andreas Solbakken