Oljesøl på riksveg 15

Ein hydralikkslange sprang lekk på ei gravemaskin og førte til oljesøl på riksveg 15 aust for Vågåmo torsdag ettermiddag.

Oljesøl Brann og politi var på plass da ei gravemaskin hadde mista mykje hydraulikkolje i vegbana. Riksveg 15 skal grusast på strekning frå rasteplassen ved Nessebrua til svingen før avkøyringa til Rikssenteret. Foto: ARVE DANIELSEN

Nyheiter

Det var ved 14-tida at politiet meldte om oljesøl på riksveg 15 mellom Lalm og Vågå.

Ein hydralikkslange på ei gravemaskin sprang lekk og førte til oljesøl i eine køyrebana på riksvegen. Gravemaskinen hadde køyrt i retning Vågåmo.

Det er oljesøl på strekninga frå rasteplassen ved Nessebrua og nesten til avkøyringa til Rikssenteret for hang-gliding. Ei strekning på 1,4 kilometer.

Både brann og politi var på staden.

Brannsjef Pål Øygarden i Vågå brannvesen fortalde ved 15-tida at ein venta på at vegen skulle bli grusa for å unngå glatt veg på grunn av oljesølet.