Da brørne Kjetil og Sverre Braaten etablerte Oppland Stål i 1989, var forretningsplanen å produsere brurekkverk. I dag har bedrifta ei omsetning 23 millionar kroner og ni tilsette, inkludert ein lærling.

Eigen design

For ti år sidan vart det opna for at leverandørar kunne levere eigne rekkverk. Inntil da hadde ein produsert rekkverk etter malen til Statens vegvesen.

Eigarane av Oppland Stål bestemte seg for å utvikle eit rekkverk med eigen design. Dette arbeidet starta i 2011. Å få godkjent eit eige rekkverk har vore eit trongt nålauga å koma gjennom.

Brurekkverket har fått namnet «FlexSafe» og er utvikla i samarbeid med den norske industridesignaren Per Farstad, Norconsult og Vegdirektoratet.

Test i Sverige

For å få godkjent brurekkverket måtte Oppland Stål reise heilt til Lidkøping i Sverige for å gjennomføre testar med personbil og buss som køyrde inn i rekkverket. Blant anna ein buss på 17 tonn som køyrde inn i rekkverket i 70 kilometer i timen. Rekkverket frå Lalm bestod testen. Berre ein av to klarer testen på fyrste forsøk. Kvar test kosta ein million kroner.

Sverre Braaten fortel at heile prosjektet har kosta 18 millionar.

– Vi har brukt 8-9 millionar av eigne midlar. Vi hadde ikkje klart dette utan støtte frå Innovasjon Norge og Skattefunn, seier Braaten.

Skattefunn er ei ordning der norske bedrifter skal arbeider med forsking og utvikling kan få 20 prosent av prosjektkostnadene som skattefrådrag.

Konkurransedyktige

For fem år sidan vart det investert i sveiserobot. Nå er tre nye robotar montert i produksjonshallen og i ferd med å byggjast inn.

Sverre Braaten fortel at to av robotane skal lyfte røyrlengder på plass slik at den tredje roboten, som er ein plasmabrennar, skal skjere ut hol for montering av rekkverka.

– Robotane har ein kapasitet på 150 meter rekkverk om dagen, seier han.

Prislappen er 6 millionar kroner.

– Denne investeringa gjer at vi får ned produksjonstida og gjer oss meir konkurransedyktige på pris, seier Braaten.

Robotane skal vere i produksjon i løpet av november.

Jostein Hovde og Per Kristian Sagdalen har vore på kurs hjå leverandøren Skala Robotech i Lier slik at dei kan programmere robotane sjølve etter kvart. Foto: ARVE DANIELSEN