Under TV-aksjonen nyleg selde ho brukte klede til inntekt for Unicef. Nå vil ho bytte bort kleda i mat - til meir lokalt trengande.

– Vi fekk inn over 5.000 kroner til Unicef, men vi har att jælma mykje klede som vi må bli kvitt. Skikkelege klede altså, seier Sandum Ovesen.

Denne gongen er det non-profit organisasjonen Hjelp oss å hjelpe Oppland som ho vil gjera ein innsats for.

– Det vart att så mykje klede. Desse vil vi byte bort i matvarer, turrvarer og andre ting som står seg. Det er heilt utruleg kor mange det er som har dårleg råd, også lokalt. Til og med her i Nord-Gudbrandsdalen er behovet for hjelp aukande. Du vil ikkje tru det, seier Sandum Ovesen svært engasjert.

Ho fortel at ho gjennom drifta av leiskulen på Spiterstulen ofte ser ungar og ungdom som ikkje har ting som dei fleste av oss tek for gitt.

– Hjelp oss å hjelpe stiller opp for folk som treng litt ekstra, med ein naudhjelpspose fire gonger i året. Dei som treng litt ekstra kan søkje om ein desemberpose, slik at dei kan få ei brukbar jul. Dette er ikkje late folk, eller folk som ikkje gidd. Det er folk som treng hjelp, understrekar ho. Det er mange som må snu på krona skal eg fortelja deg!

Bodil har «ynskjelista» klar for kva ho vil folk kan koma med for å byte i eit fullt brukbart klesplagg - eller berre for å gjeva det bort:

– Hygieneartiklar for barn/ungdom; sjampo, såpe, tannhygiene, kremar, deo. Av mat tek vi imot for eksempel puddingar, gelé, grautris og saus, alt turt til Taco, og hermetikk - som mais, frukostblanding, knekkebrød og kjeks, hermetisk pålegg, tubar, sjokopålegg, syltetøy, raudbeter og sylteagurk, julebrus og godis...

Ho ynskjer seg òg NYE, ikkje- innpakka gåver til jul, om nokon har lyst til å gje det.

Torsdag efta og etter høgst dag laurdag kan folk koma med matvarer og ting som nemnt over. I byte kan dei få med seg klede dei kan ha bruk for.

– Eg trur det er viktig å presisere at hjelpa nå går til folk i Oppland, ingenting skal sendast langt bort. Det er faktisk mange som treng hjelp nokså nær oss, seier Bodil Sandum Ovesen.

Ho meiner at vi godt kan sjå oss rundt lokalt einkvan gongen - og er det ikkje ting det er mangel på, kan det vera mangel på sosial kontakt.

– Gje eit smil eller eit lite besøk til einkvan, seier Bodil.