Dagleg leiar i Melby Transport, Geir Ove Melby, er kjempeglad for å ha landa ein ny kontrakt med Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR).

Transportfirmaet i Skjåk stod utan mange faste oppdrag i og med at NGR sjølv skal stå for innkøyring av avfall frå neste år.

Nå har firmaet skrive under ein kontrakt med køyring av restavfall frå Nord-Gudbrandsdalen til Trondheim, plast til Folldal, impregnert materiale til Sverige og glas og metall til Fredrikstad.

Ein del av denne transporten har dei hatt tidlegare, men da som ein underleverandør. Nå har dei kontrakten på køyringa.

Dagleg leiar i NGR, Pål Sverre Andgard fortel at det kom inn seks tilbod i anbodskonkurransen, fire av dei var lokale.

– Kontrakten er verd fire millionar kroner i året, seier Andgard, som tykkjer det er positivt at det var ein lokal tilbydar som vann konkurransen.

Fleire krav måtte vera oppfyllt, der pris var verdsett til halvparten.

Melby seier dei ikkje har prisa seg for lågt for å nå fram.

– Nei, målet vårt er at vi skal tene skilling, og det trur eg vi vil gjera med denne kontrakten, seier Geir Ove Melby.

To av Melbys tilsette har fått arbeid med søppelkøyring hjå NGR. Den nye kontrakten fører til at Melby må ha fleire sjåførar.

– Vi kjem til å ha to bilar gåande heile tida, men i sesongar må vi ha ein tredje bil. Det er òg noko som heiter køyre- og kviletid - som vi sjølvsagt må ta omsyn til - derfor treng vi fleire folk frå nyttår, seier Melby.

Melby Transport har hatt søppelhenting sidan 1978. Når det nå tek slutt med den delen av verksemda, kan dei altså ta fatt på nye år med kontraktkøyring for NGR.

Vi er kjempeglade for at dette har gått i orden, seier Geir Ove Melby.

Melby Transport skal framleis køyre restavfall til forbrenningsanlegget til Statkraft Varme på Heimdal sør for Trondheim. Foto: Hans Erik Kjosbakken
Restavfallet i Nord-Gudbrandsdalen blir til varme. Foto: Hans Erik Kjosbakken